tirsdag 24. mai 2011

Blowin' in the Wind

Det måtte berre bli noko dylansk i tittelen i dag, på His Bobness sin 70-årsdag.

Når det er sagt; det er så ymse som bles i vinden denne haustlege våren. Eg las nett om ein trampoline i Åsane som hadde knust bilruter, me var ute seint og festa vår nye i går kveld - etter at den gamle havarerte i det japanske kirsebærtreet sist vinter.

Og det bles oske frå Island - i år som i fjor. Komande helg er det ein del som køyrer bilen til Knarvik for å konkurrera, andre av oss har flybillettar til Oslo i samband med banestafett-UM/NM i Drammen. Me får følgja med på dei rotete meldingane frå Avinor i dagane som kjem.

Det er god deltaking i Drammen. Jentene er involvert i tre 4 x 100 meter-stafettar. J15-16- laget til BFG har åtte motstandarar søndag (Asker, IL I BUL, IL Tyrving, Kristiansands IF, Sandnes IL, IK Tjalve, Ullensaker/Kisa, to lag). Seniorlaget til BFG stiller også søndag og her er det seks andre lag med (IL i BUL, Lørenskog FIL, Ranheim IL, IK Tjalve, Trondheim Friidrett, Ullensaker/Kisa). Aller størst motstand møter BFG-laget i juniorklassen, der er det heile 13 lag utanom med (Asker SK, Fredrikstad IF, IL i BUL, IL Tyrving, Kristiansands IF, Laksevåg TIL, Moss IL, FIK Orion, Ranheim IL, Sandnes IL, Ullensaker/Kisa, to lag, og Urædd Friidrett). Juniorlaget spring lørdag.

Det er vanskeleg å spå godt om plassering for desse tre laga, all den tid me ikkje kjenner til kva for utøvarar som stiller på dei ulike andre laga, men det er flinke sprintjenter som utgjer BFG-laga, så det vil ikkje overraska veldig om det blir minst eit par særs gode plasseringar.

Gneist-gutane på 4 x 600 meter skal i elden søndag. Dei er ikkje medaljefavorittar, men er i ei utfordrarrolle om alle fire gutane har ein god søndag. Arrangørklubben IF Sturla stiller med to lag og det beste av dei er favoritt. IK Tjalve manglar eit sterkt kort, men er likevel medlajekandidat. Andre sterke lag er IL i BUL, Haugesund IL, IL Tyrving og Ullensaker/Kisa. Langt frå svake er IL Sandvin, Sandnes IL og FIK Orion. Det skulle altså bli 11 lag totalt på startstreken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar