søndag 8. mai 2011

Heilt høvding på Hovding

Det var ein fabelaktig start på banesesongen ute på Leikvang, det nye friidrettsmekkaet i byen. Det skal friidrettshallen som ligg vegg-i-vegg med banen syta for når vinteren kjem tilbake. For det gjer den. Men lørdag var det full sommar tidleg i mai. Og det var Gneist-utøvarar overalt. Og dei hoppa, sprang og kasta til nye milepælar dei aller fleste. Heilt kanon, heilt konge, heilt høvding!

Gjert Høie Sjursen (G11) er vårt store kasthåp. Lørdag støtte han kula 9,49, noko som gir 939 Tyrving-poeng. Og me veit at dei andre kastøvingane er endå sterkare for Gjert.

Imponerte gjorde Kristoffer Blücher (G12), både på 600 meter - og særleg - på 60 meter. På den kortaste distansen kom Kristoffer heilt ned på 8,60, som gir 946 poeng og er berre 1/10 bak Amund Høie Sjursen sin tre år gamle elektroniske klubbrekord på distansen.

Marianne Benserud (J16) pressa persen ned med godt over halvsekundet på 200 meter, til 27.45, og kvalifiserte seg med det til UM på distansen.

Vilde Lund Bjørnsen og Monika Benserud (J15) hadde eit nytt tett og svært godt oppgjer, denne gongen på 200 meter. Vilde kom først i mål, på 26,13, mot Monika si 26.30. Det gir høvesvis 1028 og 1015 Tyrving-poeng.

Og så er Casper Stenersen i gang med det som teiknar til å bli ein svær sesong. Det ser ut til å kunna bli ein fast vane at me på slutten av stemna helsar Casper med eit "Gratulerer med ny klubbrekord, Casper!" Denne gongen senka han Aleksander Lie sin to år gamle rekord på 600 meter, frå 1:36,30 til 1:35,76. Det gir dessutan 967 fine Tyrving-poeng.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar