onsdag 30. januar 2013

Sterk femmar (Vinterkarusellen - 5)

No er det jo kjekt for ein som likar titlar å kunna fastslå at det femte løpet i Vinterkarusellen mandag inneheldt ein "sterk femmar". For det gjorde den. Då tenker eg ikkje minst på ein god gjeng av dei lokale heltane som persa eller sprang på sesongbeste på nettopp 5km.

Litt krøll blei det etter denne karusellen. Eg registrerer at ungdommen i huset både blei nr. 2 på 10km og nr. 203 på 5km same kveld.

No ja, her er i alle fall stoda "topp ti" (minus 10km kvinner, som berre har fire på lista) på mi høgst subjektive "lokale heltar"-liste etter 5. løp:

5 KM KVINNER
Linn Seliussen sesongbetra seg med ti sekund og sneik seg med det to sekund framfor Thyra Hevrøy på lista.

1. Silje Stenersen 19.37
2. Linn Seliussen 20.19
3. Thyra Hevrøy 20.21
4. Tuva Straume 22.27
5. Kjersti Hevrøy 23.00
6. Sanne L. Christensen 23.38
7. Pernille Hordnes Sørås 24.06
8. Marlen Eide Røssland 24.32
9. Anne-Marte Aldal Sætre 24.37
10. Sara Tyssebotn Berg 24.52

5 KM MENN
Her fekk ein altså eit aldri så lite "renn" av gode tider: Jørgen Austvik betra seg med 45 sekund, Bjarte Eikanger med ni, Andreas Iden med 12, Erlend Gjerdevik Sørtveit med tre sekund - og Inge Haukøy knalla til med 18.39 og ei sesongbetring med eitt minutt og 15 sekund.

1. Stian Øvergaard Aarvik 16.00
2. Jørgen Austvik 16.16
3. Bjarte Eikanger 16.27
4. Andreas Iden 16.55
5. Henrik Irgens Gravdal 16.56
6. Erlend Gjerdevik Sørtveit 16.58
7. Jens Larsen Åstveit 17.59
8. Inge Haukøy 18.39
9. Thomas Blücher 19.40
10. Hans-Magnus Haukøy 19.51
10. André Seliussen 19.51

10 KM KVINNER
Torun Øvergaard Aarvik vann distansen og sesongbetra seg med tre sekund i vinden.

1. Torun Øvergaard Aarvik 41.51
2. Linn Seliussen 46.13
3. Anna Serine Røssland 48.07
4. Marlen Eide Røsland 49.24

10 KM MENN
Her var det Ole Martin Røssland som representerte Gneist/BFG-miljøet denne gongen - dei fleste andre sprang altså femmaren, og Ole Martin sesongbetra seg med 43 sekund.

1. Stian Øvergaard Aarvik 33.52
2. Bjarte Eikanger 33.57
3. Jørgen Austvik 34.15
4. Ole Martin Røssland 34.28
5. Andreas Iden 36.19
6. Erlend Gjerdevik Sørtveit 36.20
7. Morten Seliussen 37.23
8. Stian Norheim 38.40
9. Jens Larsen Åstveit 40.36
10. Kristian Schjønningsen 45.45

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar