mandag 7. januar 2013

Desember-vindauget

I fotballen har ein "januar-vindauget" for spelarovergangar. Det er på vidt gap denne månaden, naturleg nok, og spelarar skiftar beite og ti- og hundretals millionar skiftar eigar kvar einaste dag heile månaden. Verst blir det når det nærmar seg sjølvaste deadline - heilt i enden av månaden.

I friidretten var denne deadline-en 31. desember klokka 24.00. Det finst berre ein deadline, ikkje noko overgangsvindauge og berre uhyre sjeldan overgangssummar - og i så fall er dei reint symbolske. Millionar er stort sett framandord i friidretten.

Men så er det eit slags vindauge likevel. I konkurranse-sesongen driv jo utøvarane på med å konkurrera. Først når denne er over og ein tar til å tenka ny sesong, så er det tid for å tenka om ein skal drassa med seg same gamle klubben og tre på seg samle gamle klubbdraka også komande sesong - eller skal ein skifta beite og ta på seg ei ny og stiligare drakt?

No ligg den offisielle lista over representasjonsovergangar føre frå Friidrettsforbundet. Og i år har det vore ekstra mange overgangar i vår lokale andedam. Her skal ikkje rippast opp i årsaka til dei fleste overgangane. Den er no likevel såpass openbar at dei fleste griper den slik utan vidare.

Heile lista finst her.

For dei som ikkje orkar å gå gjennom alt og finstudera Bøifot (75 år om ti dagar!) sin overgang frå GTI til Stavanger Friidrettsklubb og tilsvarande krumspring, så er lista over dei lokale overgangane her:

- Henrik Almenningen (G16) frå Fana til Gneist
- Silje Oksholm Arnøy (KS) frå BFG til Selsbakk IF
- Anne Skudal Dolvik (KS) frå BFG til Gular
- Rune Dolvik (MV) frå BFG til Gular
- Elina Drivenes (J16) frå Fana til Gneist
- Linda Grøning (KV) frå BFG til Gular
- Anders Strømblad Hansen (G19) frå Fana til Gneist
- Cathrine Harris (J15) frå Gneist til Fana
- Thyra Hevrøy (J16) frå Fana til Gneist
- Eivind Knudsen Hjertholm (G16) frå Fana til Gneist
- Christine Bjelland Jensen (J19) frå Bjarg til Gular
- Eline Myking (J16) frå Fana til Gneist
- Maren Risøen (J18) frå Gneist til Fana
- Vibeke Raa (KV) frå BFG til Gular
- André Seliussen (G12) frå Fana til Gneist
- Linn Seliussen (J15) frå Fana til Gneist
- Erlend Gjerdevik Sørtveit (G19) frå Fana til Gneist
- Bertine Vågenes (J14) frå Ask til Gneist

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar