fredag 4. januar 2013

Ein dag på Leikvang nok: Jostein Lie Årets veteran 2012

Den 100 % seriøse, men like uhøgtidlege, veterankonkurransen mellom dei gamle (foreldre og andre som blir inkludert av underteikna) i Gneist og omland rullar vidare - nesten utan at nokon merkar det.

I 2012 var vel innsatsen labrare enn nokon gong før - og det har vel berre gått éin veg etter det flotte startåret, 2009.

Men, men, det skal ikkje ta glansen vekk frå årets sigerherre - Jostein Lie - som berre trong ein søndag i Leikvanghallen under veteran-NM for å ta med seg årets meistertittel. Der presterte han 2:24,95 på 800 meter og 8,41 i kule.

Toar - og den einaste som har nådd pallen - alle dei fire åra sidan denne tradisjonsrike tevlinga starta - blei Trond Leikvoll. Trond er først og fremst kastar, sjølv om me naturlegvis ventar på eit stavhopp snart!

Nr. 3 blei fjorårsvinnaren, Geir Sjursen. Geir er først og fremst 100 meter-ekspert. Der er han jo suveren, men skal han nå tilbake til toppen trengst eit par hopp utan fart, til dømes, også.

På 4. plass kom Arve Rinde, altså ned to plassar frå den flotte sølv-plassen i 2011. Men éin diskos-konkurranse kjem ein ikkje langt nok med.

Og på 5. plass den aller første kvinnelege deltakararen i konkurransen (applaus, applaus!), Kjersti Ristesund Bjørndal, som tok gull under veteran-NM på 60 meter og som pynta på tida med tre hundredelar under Norna-karusellen i august.

PANG - der gjekk startskotet for Veterankonkurransen 2013.

Og her er pallen dei andre åra:

2009:
1. Arne Lillefosse (kor i alle verda er det blitt av han - altså  banen, startordnar for godt?)
2. Trond Leikvoll (Gneist-leiaren er ein av dei mest trufaste i denne konkurransen)
3. Geir Sjursen (nesten for proff å rekna i dette sirkuset)

2010:
1. Trond Leikvoll (eit fabelaktig år for Leikvoll, dette)
2. Jostein Lie (sjå der, eit forvarsel på kva som skulle koma)
3. Sigve Stenersen (eit blaff - eller kjem Sigve tilbake (igjen)?)

2011:
1. Geir Sjursen (heilt suveren siger i fjor)
2. Arve Rinde (Arve har teke til å røra på seg - og då er det berre å sjå opp)
3. Trond Leikvoll (Igjen topp tre!)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar