mandag 28. januar 2013

Strålande spenstinnsats

Det var ein spissa Gneist-tropp som stilte i KM i hopp utan fart på Laksevåg lørdag. Det viste dei både i medaljefangsten og i resultata.

Aller best gjorde Vilde Lund Bjørnsen det. Ho slo til med heile 2,65 i lengde. Det er ny klubbrekord i BFG Bergen. Den gamle hadde Gneist-jenta Ingvild Mundal Andersen frå 2007 (2,63). Det er også naturleg nok ny klubbrekord i J17 i Gneist. Den var noko eldre, tilbake frå 1987 og halden av Kjersti Ristesund (Bjørndal), på 2,57. Hoppet til Vilde er verdt heile 1018 tyrvingpoeng.

Marianne Benserud (J18) nådde også 1000 tyrvingpoeng - faktisk akkurat - då ho betra eigen klubbrekord i Gneist med éin centimeter, til 1,37. I lengde blei det 2,37 på Marianne (838 poeng).

Emil Engelsen Holm (G16) hoppa 1,45 i høgde (957 poeng). Dermed sletta Emil ein 34 år gammal klubbrekord i Gneist, i si tid sett av Knut Thorbjørnsen (1,44). Hoppet er også desidert beste i gutar 16 i Norge så langt i vinter. I lengde blei det 2,60 på Emil (810 poeng).

Kristoffer Blücher (G14) hoppa 2,60 i lengde (925 poeng).

Eirik Leikvoll (G15) hoppa 1,30 i høgde (881 poeng) og 2,37 i lengde (745 poeng).

Magnus Leikvoll (G17) hoppa 1,25 i høgde (745 poeng) og 2,49 i lengde (720 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar