søndag 6. januar 2013

Tour de Estonia

Eg har nett sett Petter Northug gjera ting han ikkje kan - klatra i ein slalåmbakke - i Tour de Ski.

Eit par Gneist-arar har teke imot det nye året i sitt eige Tour de Estonia - Estland Rundt. Dei har halde seg i Tallin, men fredag var dei i Rakvere nord i landet og hoppa - stav og lengde og slikt.

Mi melding er; om de ikkje alt er heimkomne, så kom heim! Jada, me saknar dykk naturlegvis, men viktigast: estisk er gresk for meg - eller kanskje endå verre; estisk er estisk for meg!

Både Eirik Leikvoll (G15) og På Haugen Lillefosse (G12) hoppa brukbart i teivashüpe, medan det blei sesongdebut for begge i kaugushüpe.

Pål oppnådde 4,17 i kaugushüpe, som etter Tyrvingtabellen burde gje 844 poeng - med mindre me snakkar om kulestøt. Og for Eirik sitt hopp (vil eg velja å tru) så 4,39 så noterer me 648 poeng.

Men, altså, kom heim! - før eg tar til å lura på kva kaugushüpe utan fart heiter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar