søndag 20. januar 2013

Nornalekene (seint same kveld) dag 3

Eg registrerer at Norna-Salhus hadde ønskt seg fleire deltakarar til sine leikar i januar. Det forstår eg: Dei har lagt dette stort opp når det gjeld talet på øvingar og eit tilsvarande stort apparat må i sving for å få det arrangert. Då vil det jo vera kjekt med fleire deltakarar.

Men samtidig er innesesongen spesiell: Her er mange som knapt konkurrerer og så er det ein god del som berre vel ut enkelte konkurransar. No får ein stadig fleire flotte (og flottare enn på Leikvang også) innomhus-hallar og tilbodet av stemne aukar tilsvarande. Då blir det få stemne som blir retteleg store innomhus - sidan løparane fordeler sine etter måten få konkurransar på fleire hallar og fleire stemne.

Neste er Gneist sine pingvinleikar. Det blir spennande å sjå om den flotte oppslutninga frå debutsesongen i fjor blir følgt opp i år.


Kristoffer Blücher (G14) hadde ein ny solid dag i Leikvanghallen. 7,66 på 60 meter er verdt 1024 tyrvingpoeng og er berre 3/100 bak klubbrekorden til Fredrik Nesslin frå 2002.

Henrik Irgens Gravdal (G15) fekk seg ein ny 3. plass i seniorklassen, då han sprang 1500 meter på 4:16,63 (1023 poeng).

Amund Høie Sjursen (G17) sprang heilt ned på 7,26 på 60 meter (1010 poeng), som er klubbrekord med elektronisk tid (i alle fall inne).

Pål Haugen Lillefosse (G12) oppnådde 8,62 på 60 meter (940 poeng) og betra med det tida si frå Estland-turen ved nyttår. I lengde blei det 4,47 på Pål (907 poeng).

Emil Engelsen Holm (G16) blei kåra til "Årets mest framgangsrike" i Gneist i 2012, men også dette året har fått ein glitrande start for Emil: 7,67 blei det på 60 meter søndag (927 poeng).

Elina Drivenes (J16) var nokre hundredelar bak pers då ho vann 60-meteren i klassen på 8,37 (913 poeng).

Anna Evensen (J13) landa på 4,48 i lengde (890 poeng) og Anna sin 60 meter på 8,83 var verdt dei same tala - 883 poeng.

Nykomlingen André Seliussen (G12) har teke opp jakta på pappa Morten. På 1500-meteren søndag blei det 5:10,79 på André - ei kjempeforbetring av pers (882 poeng). (Pappa Morten fekk 4;37 på sin 1500 meter - så han held stand enno ei (lita) stund...)

Michelle Floor Heggeland (J14) flytta sesongbeste på 60 meter ned med eitt hundredel til 8,69 (881 poeng).

Ole Martin Røssland (G18) oppnådde sesongbeste på 1500 meter med 4:19,53 (877 poeng).

Ingrid Næss Johansen (J16) vann 1500-meteren på 5:02,61, ny pers (876 poeng).

Håvard Rinde (G12) hoppa 4,25 i lengde (860 poeng).

Jens Larsen Åstveit (G16) held fram med å visa at han no er blitt mellom- og langdistanseløpar. På 1500-meteren blei det 4:33,85 (847 poeng).

Stian Norheim (G17) sin sesongdebut på 1500 meter gjekk unna på 4:30,89 (825 poeng).

Thyra Hevrøy (J16) kom i mål på 5:11,06 på 1500 meter (825 poeng).

Tobias S. Garden (G10) hoppa 3,23 i lengde (816 poeng).

Thomas Blücher (G12) oppnådde 8,71 på 60 meter (808 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar