fredag 1. februar 2013

Korea-leikar i Peab-alderen

Hehe, den tok nok berre dei innvigde - tittelen altså. Men det er ikkje berre NM i Haugesund denne helga, det er også sjølvaste Hyundai Indoor Games i Stangehallen på Hedmarken.

Dette var eit nytt arrangement sist vinter, og då nytta ein bukett Gneist-utøvarar høvet til å dra på tur - både konkurrera og ha ei fin sosial ramme attpå. Det skjer også i år.

Men kva er "Peab"-alderen? Jo, i ein god del år no har me snakka om "NCC" som om det var noko friidrettsk. Kvar gong me har køyrt forbi ein byggeplass med eit "NCC"-skilt, så har dei eldste ungane undra seg over kvifor det i all verda er reklame for noko friidrettsk nett der. Men i vår reklame- og sponsorinfiserte verd så varer ingenting evig. No er NCC skifta ut med Peab. No skal eg vakta meg vel for å forklara kva "Peab" er for noko - kva dei driv med, delvis fordi dette er ein nokolunde reklamefri blogg og fordi eg har altfor lita peiling. Men, NCC-lekene er historie, no er det Peab-lekene det handlar om til hausten.

Og Hyundai Indoor Games er altså for utøvarar i den alderen som Peab-lekene då gjeld; 13- og 14- åringar.

Her er Gneist-utøvarane som dreg på tur til Hedmark i helga (og dei får det travelt...):

J13
- Anna Evensen (60m, 200m, 60m hekk, lengde)
- Charlotte Harris (60m, 200m,60m hekk, lengde, kule)
- Silje Stenersen (600m, 1500m)

J14
- Michelle Floor Heggeland (60m, 200m, liten ball)
- Sanne Myrmel (60m, høgde, stav)
- Nora Øvergaard Aarvik (60m, 200m, høgde)

G13
- Espen Bjørndal (60m, 60m hekk, lengde)
- Thomas Blücher (60m, 200m, 600m, 1500m)
- Gjert Høie Sjursen (60m, 200m, lengde, kule, liten ball)

G14
- Kristoffer Blücher (60m, 200m, 600m, 60m hekk, lengde)
- Herman Hovland (60m, 200m, 600m, 1500m, lengde)
- Kristian Schjønningsen (200m, 600m, 60m hekk, lengde, liten ball)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar