lørdag 12. januar 2013

Kenguruar i Høiehallen

Ein kan seia mykje løye om Fana. Vel, eg veit heilt sikkert at det blir sagt mykje løye om Fana. Men skøyter det kan dei. Rettnok er Sverre Lunde Pedersen osing med finnmarking til far og trenar, men likevel, det er Slåtthaug og Fana IL som har skapt skøyteløparen.

Men det var no berre ein digresjon.

Ein kan seia mykje løye om Fana IL si friidrettsgruppe. Og tru du meg, det er då også blitt gjort denne lagnadstunge hausten.

Men kenguruar det har dei - hopparar i fleng. Eg har sagt det før og eg seier det igjen: Då Fana sist vinter innstifta "Kengurukarusellen", ja så ville det ikkje vore meir naturleg dersom Bergen by laga seg ein "Regnfestival".

Fredag kveld blei denne vinterens første kengurukarusell arrangert i Høiehallen. Dei aller fleste spretne kenguruane var frå arrangørklubben. Men brørne Magnus (G17) og Eirik (G15) Leikvoll er ein slags halv-kenguruar i Gneist-drakt. Sesongdebuten i høgde blei unnagjort denne kvelden. Det blei 1,60  på Eirik (860 poeng) og 1,52 på Magnus (713 poeng).

Hopp, hopp, Fana.

Og lørdag er det 1500 meter i EM.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar