torsdag 3. januar 2013

Tõkkejooks

Tõkkejooks, ja. Det kan vera lett for meg å skriva (ikkje så lett å seia rett, sikkert).

Etter eliminasjonsmetoden skal tõkkejooks bety hekk på estisk.

Dette var éi av øvingane som dei tre Gneist-utøvarane var med på i Tallin onsdag. Pål Haugen Lillefosse (G12) sprang 60 meter hekk på 9,67. Det er jo ei framifrå tid, men ifølgje rapportane så langt var det på uvanleg låge hekkar (60cm).

Magnus Leikvoll (G17) kasta i alle fall kule på 5 kilo - det var lettare å skjøna enn tõkkejooks. 11,41 er den nye 5kg-persen til Magnus på (662 poeng).

Og Eirik Leikvoll (G15) si forbetring denne gongen kom på den både generelt og for han ukurante øvinga 150 meter. Tid: 20,04.

*

Kva høgde utan tilløp heiter på estisk har eg inga peiling på. Men Marianne Benserud (J18) var i elden rett før jul i denne øvinga, i meir lokale Høiehallen. Det skjedde på hoppstemnet til Norna-Salhus. Marianne kom seg over 1,36 (990 poeng). Det er også ny klubbrekord i J18. Den gamle hadde Anne-Beth Espetvedt, sett i 1987.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar