mandag 7. januar 2013

Farvel til Estland

Kvifor er det ingen som høyrer på meg?

Sjølvsagt måtte Gneist-arane i det baltiske innom Tallin og endå eit stemne på Estland-turneen. Det skjedde lørdag og igjen var det Eirik Leikvoll (G15) og Pål Haugen Lillefosse (G12) som var våre representantar.

Sjølv om eg snart les friidrettsk på estisk nesten som ein innfødd, så er det likevel med eit lite atterhald eg gjengir følgjande:

Eirik sprang så fort som 8,33 på 60 meter (789 poeng), der fekk Pål tida 8,90 (865 poeng).

I lengde auka Eirik med halvmeteren frå dagen før, frå 4,39 til 4,89 (748 poeng). Også Pål betra seg, frå 4,17 til 4,34 (878 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar