torsdag 24. januar 2013

God BFG-gjeng til NM i Haugesund

Arrangøren av innandørs-NM i Haugesund neste helg (2. - 3. februar) melder om rekordstor påmelding. Ja, så stor er den at tidsramma for meisterskapet er blitt utvida og starten første dag, lørdag, blir no klokka 12 i staden for tidlegare oppsette klokka 13.

Dette gjeld først og fremst forsøka på 60 meter, som blir første øving, reknar me med, når tidsskjemaet etter kvart blir klart, fram mot denne helga.

No er det kort veg til Haugesund for oss, men me satsar på at det også er utslag av ein ny giv når deltakartalet frå BFG nesten er femdobla frå NM i Steinkjer i mars i fjor til årets meisterskap. I fjor var det tre deltakarar, alle i kvinneklassen, alle i sprint. (Det vil seia Iren Vevatne Isaksen deltok også i lengde uten tilløp, der ho vel vann einaste medaljen til BFG i fjor - ein bronse.)

I år er talet oppe i 14 deltakarar! Og ungdomsprofilen på seniorgjengen vår er tydeleg, men her handlar det ikkje minst om å hausta erfaring til seinare. Mellom dei påmelde finn me to førsteårs-juniorar (i seniorklassen), Renate Lie og Henrik Irgens Gravdal. Av alle 14 er det berre to utøvarar som held senioralder - Jørgen Austvik og Robert Hisdal.

KVINNER UNDER 20
- Marianne Benserud: høgde uten tilløp
Så lenge Marianne held seg frisk og rask, så er me sikra medalje her: Marianne er éi av to påmelde deltakarar.
- Vilde Lund Bjørnsen: lengde uten tilløp
Totalt er det 7 påmelde i denne øvinga.

KVINNER SENIOR
60 meter
- Monika Benserud
- Sara Berrefjord
- Vilde Lund Bjørnsen
- Elise Una Mikkelsen
Totalt er det her heile 42 påmelde deltakarar.

800 meter
Renate Lie er ei av 17 påmelde på 800 meter.

3000 meter
- Ingrid Næss Johansen
- Anna Serine Røssland
Ingrid og Anna Serine er i felt med totalt 8 deltakarar.


Lengde
Her er Monika Benserud ei av 18 påmelde.

Stav
Her er Marianne Benserud ei av 6 påmelde i øvinga.



MENN SENIOR
800 meter
- Jørgen Austvik
- Henrik Irgens Gravdal
- Erlend Gjerdevik Sørtveit
Totalt er det påmeldt 26 utøvarar på 800 meter.

1500 meter
- Jørgen Austvik
- Henrik Irgens Gravdal
- Erlend Gjerdevik Sørtveit

På 1500 meter er det heile 33 utøvarar påmeldt.

3000 meter
- Jørgen Austvik
- Henrik Irgens Gravdal
- Andreas Iden
- Robert Hisdal
- Ole Martin Røssland
Heile fem BFG-arar mellom totalt 31 påmelde utøvarane neste søndag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar