mandag 28. januar 2013

I sin beste alder

BFG Bergen Friidrettsklubb er 26 år i dag.

Det er altså den klubben som før 11. desember i fjor heitte "Friidrettsklubben BFG Fana".

Det er ein vaksen ungdom me har å gjera med, altså, sjølv om svært mange av utøvarane i klubben er ei stund unna å vera myndige.

Då eg sjølv var 26 år leverte eg hovudoppgåva mi og tok til å slutta med å lura på kva eg skulle bli - eg berre blei.

Når BFG Bergen er 26 år, så er det også på tide å slutta me då lura på kva klubben skal bli - no får den bli til noko.

Jubilanten feirar med å skipa til vinterkarusell frå Fana Stadion.

Gratulerer med dagen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar