søndag 27. januar 2013

Generalprøve

I Gneist byggjer ein stadig nye tradisjonar. Pingvinleken blir tradisjon når dei blir skipa til for andre gong 9. - 10. februar, men også "Mini-stemnet" i slutten av januar er no blitt tradisjon - etter søndagens 2. utgåve av stemnet.

Dette starta først og fremst som ein generalprøve for arrangøren før fjorårets pingvinleikar, men no er det dessutan blitt eit sjølvstendig stemnetilbod med brukbar deltaking til å vera mini.

Pål Haugen Lillefosse (G12) held fram med å betra seg med denne eine centimeteren i stav - no til 3,24 (1108 poeng)!

150 meter har eg no hatt mine meiningar om før. I Gneist har me ikkje notert klubbrekordar i øvinga, i BFG blir det notert "bestenotering" i den, sidan det er strengare skilje mellom rekordar og ikkje-rekordar der i garden. Men gode resultat kom det uansett på distansen:

Den aller første bestenoteringa i BFG for kvinner noterer me på Maren Haugen Lillefosse, som sprang på 20,44. Maren sprang også eit særs godt hekkeløp - 9,41 på 60 meter hekk.

Emil Engelsen Holm pynta på sin eigen bestenotering i BFG frå i fjor ganske monaleg - frå 19,05 og heilt ned  til 17,93. På 60 meter hekk (91,4) blei det 9,43 på Emil (og her tar me sjansen på å notera ein innomhus-klubbrekord i G16).

Også Sondre Rinde var langt under Emil si fjorårstid, med sine 18,17. Sondre (G15) sprang også sterkt på 60 meter hekk. Der fekk han tida 8,83, som er ni tidelar under Aleksander Lie sin gamle klubbrekord (innomhus) frå 2011.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar