lørdag 19. januar 2013

Nornalekene dag (natt) 1

Det blei ein strålande første dag av Nornalekene for Gneist/BFG Bergen. Ein del fantastiske prestasjonar fekk me oppleva alt 18. januar av det nye året. Det lovar ikkje bra, det lovar sterkt!

Heilt øvst på mi liste finst Pål Haugen Lillefosse (G12) som i rein Bubka-stil betra persen i stav med éin centimeter, men - som Bubka - han gjer det frå eit alt svært høgt nivå. 3,23 er den nye rekorden på - og då rekord på alle frontar - og verdt heile 1107 poeng!

Eitt av dei store høgdepunkta var eit nytt kanonløp av Stian Øvergaard Aarvik (G16) - denne gongen på bane. Han debuterte rett og slett på 3000 meter med 8:55,73 (!), verdt 1043 tyrvingpoeng og berre åtte sekund bak den 35 år gamle klubbrekorden på distansen. Dette er beste løpet i Gneist i vinter så langt.

Amund Høie Sjursen (G17) er i gang med jakta på hovud-NM- kravet (6,75) i lengde, som han var fire centimeter ifrå som 16-åring. Fredag blei det 6,42 (964 poeng).

Nora Øvergaard Aarvik (J14) er i full gang igjen i høgde og oppnådde flotte 1,53 (962 poeng).

Ole Martin Røssland (G18) sprang på 9:06,81 på 3000 meter (954 poeng).

Emil Engelsen Holm (G16) er i kanon vinterform. Med 24,17 persa han på ny på 200 meter (943 poeng). Det er også best i landet i klassen så langt i vinter.

Og velkommen i Gneist også til Erlend Gjerdevik Sørtveit (G19). Med ei solid avslutning blei det 9:05,43 på 3000 meter (939 poeng).

Det var eit spennade oppgjer på 3000 meter i J16. Ingrid Helene Nyhus drog det aller meste, men opna spruten ein runde for tidleg. Ingrid Næss Johansen opna spurten då ho skulle og sprang i mål først, på 10:54,00 (933 poeng), mot 10:58,22 på den andre Ingrid (923 poeng).

Velkommen som Gneist-representant til Elina Drivenes (J16), som med 27,29 på 200 meter plukka med seg 911 tyrvingpoeng.

Fabelaktig var det også å oppleva Magnus Leikvoll (G17) si nærmast sjokkarta høgdeframsyning. For ei veke sidan presterte han 1,52 under Kengurukarusell i Høiehallen. Fredag kveld betra han dette med heile 28 centimeter! Persen blei også betra med ti - og altså til 1,80! Det er verdt 909 poeng, er fem centimeter over UM-kravet og berre tre ifrå junior-NM- kravet. Sterkt!

Stian Norheim (G17) arbeidde seg greitt gjennom årets første 3000 meter på 9:44,64 (879 poeng).

Jens Larsen Åstveit (G16) hugsar eg som sprintar frå eit par år tilbake. No er han milslukar og triatlet. Fredag debuterte han på 3000 meter på bane i framifrå stil. Tida blei 10:01,41 (866 poeng) og då er ikkje vegen lang ned til UM-kravet (9:50).

Sanne Myrmel (J14) har kome som eit skot i friidrettsmiljøet i vinter. I høgde blei det 1,40 (865 poeng) og i stav 2,33 (812 poeng). Forbetringa i stav var på heile 41 centimeter!

Tobias Allers-Hansen (G10) har alt vore aktiv på konkurranse-fronten nokre år (som rekrutt),l no har han som ti-åring teke til som poengplukkar. I høgde blei det 1,05 (860 poeng).

Håvard Rinde (G12) hoppa 1,30 i høgde (860 poeng).

Det blei eit rivande tett oppgjer på 200 meter i J14-klassen mellom Michelle Floor Heggeland og Nora Øvergaard Aarvik. Eitt hundredel skilde til slutt: 28,99 på Michelle (852 poeng) og 29,00 på Nora (851 poeng).

Linn Seliussen (J15) fekk sin debut i Gneist-trøya (eller det var vel ikkje akkurat Gneist-trøya), då ho ganske åleine sprang inn til 7:29,02 på 200 meter (827 poeng).

Var dete bra? Utvilsamt.

Var dette overraskande bra? Absolutt.

Blir det likevel betre? Ganske sikkert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar