onsdag 16. januar 2013

FRI - Arrangørane 2012

Eg fekk den gamle Vazelina-slageren Gi meg fri i kveld på hjernen då eg arbeidde fram dagens oversikt: Basert på dei innsende listene til Norges Friidrettsforbund i Hordaland har eg sett på kva for klubb som har hatt flest arrangement i 2012.

Listene inneheld alt frå små "trappeløp" til store nasjonale stemne. Men på den andre sida er dei små stemna, både på og utanfor bane, vel så viktige for mange som dei svære med over 1000 startar og slikt.

I 2011 var det ganske klart Idrettslaget Fri frå Arna som hadde flest arrangement på denne oversikten. I 2012 har klubben styrka stillinga si ytterlegare. Ganske imponerande, det.

Norna-Salhus og Osterøy er stabile arrangørar hakket bak der - der ikkje minst karusell-seriane til dei to klubbane tel godt med.

Laksevåg har overraskande mange stemne, 27 både i 2011 og i 2012. Rettnok har dei ein del "gratis" gjennom samarbeidet med Fri om kaststemna på Skansemyren, men Laksevåg har også kome i gang med seriestemne på Nygårdsmyren.

Så har Gneist auka stemnemengda si frå 17 til 24. Gneist var ivrige i 2012, både med auke i eigne stemne og med å ta tak i ein del stemne som dåverande BFG Fana sa ifrå seg. No er desse stemna på full fart over til BFG Bergen igjen.

I Sunnhordland fall listene frå Stordleikane mellom anna ut for Stord IL i 2012, slik at den klubben mista hegemoniet som mest-arrangerande i sør-fylket, medan Bremnes og Trio no deler topp-plasseringa med 16 lister kvar. Og framleis nærmar draumen seg om fast dekke på Husnes seg, om ikkje med stormsteg, så... ja, den nærmar seg.

Og BFG? Jo, BFG finst - med åtte resultatlister inne - på ein 15. plass på lista. Det betyr at ein del lister ikkje er sendt inn og det betyr at topp 10-plassering på denne lista er innanfor rekkevidde i 2013.

Her er så lista over klubbar i Hordaland etter talet på innsende resultatlister til NFIF kalenderåret 2012:


  
IL FRI
45 innsende lister
+ 3
IL Norna-Salhus
29 innsende lister
+ 1
Osterøy IL
28 innsende lister
-
Laksevåg TIL
27 innsende lister
-
IL Gneist
24 innsende lister
+ 7
Mjøsdalen IL
23 innsende lister
?
Bremnes IL
16 innsende lister
+ 2
IL Trio
16 innsende lister
-          1
Ask Friidrett
14 innsende lister
+ 1
AKS-77
12 innsende lister
?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar