søndag 20. januar 2013

Nornalekene (neste kveld) dag 2

Det blei seint på helga før dei offisielle resultatlistene frå Nornalekene dukka opp. Det var jo eit minus. Lørdag var eg ikkje i Leikvanghallen. I staden var eg svært takksam fordi ein god del andre var der, nemleg våre venner i Fana, som til vanleg trenar både vel og lenge i Høiehallen lørdag føremiddag. Denne lørdagen hadde PU-gjengen hallen så godt som for seg sjølv - og 16 utøvarar fekk springa skjorta av seg. Det var gildt!

Men samtidig, ein annan stad i byen, ein god dose saltstøv unna, så var det også lørdagen mykje gjævt å notera ned av prestasjonar. To av utøvarane var like så godt under klubbrekordane alt no i januar månad:

Kristoffer Blücher (G14) sprang ein solid 400 meter på 55,32 (1047 poeng), halvtanna tidel under Espen Liland sin klubbrekord frå 2003. I tresteg blei det 11,31 på Kristoffer (931 poeng).

Pål Haugen Lillefosse (G12) sprang eitt tidel fortare enn utomhus-klubbrekorden på 60 meter hekk, 10,12 mot 10,22 (Sondre Rinde har rekorden frå 2010). Løpet var verdt 1016 tyrvingpoeng. I tresteg oppnådde også Pål over 1000 poeng - her blei det 10,19 (1009 poeng).

Hekkespesialisten Anna Evensen (J13) kom seg heilt ned til 10,02 på 60 meter hekk (1015 poeng), og fekk også opp 10,18 i tresteg (998 poeng).

Henrik Irgens Gravdal (G15) markerer seg også i år. Med 2:05,69 på 800 meter blei det både pall-plass i seniorklassen og 969 tyrvingpoeng.

Håvard Rinde (G12) sprang 60 meter hekk på 10,38, så Håvard var i fin nornalek-form (964 poeng). I tresteg hoppa Håvard 9,40 (930 poeng).

Elina Drivenes (J16) sprang sin første 800 meter som Gneist-utøvar og betra seg med 2,5 sekund sidan ho "berre" var i BFG Bergen-drakt under romjulsstemnet: Tida blei 2:22,26 (906 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G13) opna kast-året med 11,79 i kule (897 poeng).

Thomas Blücher (G13) har hatt solide karusell-løp i vinter og lørdag sprang han 600 meter på 1:40,36 i Leikvanghallen (847 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar