fredag 11. januar 2013

Kvalitet i motvind (Vinterkarusellen-4)

Sesongens fjerde vinterkarusell gjekk mandag, men først i dag, fredag, har eg fått tørka brillene mine såpass at eg kan få skrive eit blogginnlegg om den. Eg stod i motvind på 10km-vending og helste utøvarane der. Dei færraste helste tilbake, kanskje forståeleg nok - meir imponerande var det av dei som faktisk gjorde det!

Det har vore godt underlag på alle karusellane så langt, men vind ispedd regn gjorde det i suraste laget for persing og sesongbeste for dei fleste denne gongen - med nokre heiderlege unntak, ikkje minst på mila for menn og ungdommar.

Her er min høgst subjektive oversikt, halvvegs ut i vinterens karusellar:

5 KM KVINNER
Her merkar me oss eit godt løp av mamma Hevrøy denne gongen:

1. Silje Stenersen 19.37
2. Thyra Hevrøy 20.21
3. Linn Seliussen 20.29
4. Tuva Straume 22.27
5. Sanne L. Christensen 23.38
6. Kjersti Hevrøy 23.50
7. Pernille Hordnes Sørås 24.06
8. Marlen Eide Røssland 24.32
9. Anne-Marte Aldal Sætre 24.37
10. Sara Tyssebotn Berg 24.52

5 KM MENN
Erlend Gjerdevik Sørtveit sesongdebuterte på distansen med 17.01.

1. Stian Øvergaard Aarvik 16.00
2. Bjarte Eikanger 16.36
3. Henrik Irgens Gravdal 16.56
4. Erlend Gjerdevik Sørtveit 17.01
5. Jørgen Møklebust Austvik 17.02
6. Andreas Iden 17.07
7. Jens Larsen Åstveit 17.59
8. Thomas Blücher 19.40
9. Hans-Magnus Haukøy 19.51
10. André Seliussen 19.51

10 KM KVINNER
Her er det ikkje noko nytt å melda, så her trengst det oppmodingar om fleire mil-løp utetter seinvinteren...

1. Torun Øvergaard Aarvik 41.51
2. Linn Seliussen 46.13
3. Anna Serine Røssland 48.07
4. Marlen Eide Røssland 49.24

10 KM MENN
Her betra Stian Øvergaard Aarvik seg med nye fire sekund og har dermed fem ned til trenar Bjarte. Jørgen Austvik betra seg med eit heilt minutt, Ole Martin Røssland med fem sekund, Morten Seliussen med femten, Stian Norheim med over minuttet og fykande inn på lista kom Kristian Schjønningsen. Her var det mykje kvalitet i motvinden.

1. Stian Øvergaard Aarvik 33.52
2. Bjarte Eikanger 33.57
3. Jørgen Møklebust Austvik 34.11
4. Ole Martin Røssland 35.11
5. Andreas Iden 36.19
6. Erlend Gjerdevik Sørtveit 36.20
7. Morten Seliussen 37.23
8. Stian Norheim 38.40
9. Jens Larsen Åstveit 40.36
10. Kristian Schjønningsen 45.45

... og neste løp er mandag 28. januar...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar