søndag 27. januar 2013

Monika i Malmø

Innimellom er det vanskeleg å halda kontroll på ungdommane. Til dømes om sommaren kan dei vera både her og der og av og til her og der til same tid, nesten. I alle fall finn ein ein enkeltutøvar på eit stemne i Tønsberg eller i Sverige, eller eit par slengarar i Husnes Idrettspark eller i Trøndelag.

Dette skjer litt sjeldnare om vinteren. Det er jo naturleg, det er jo færre konkurransar då, men det er også mindre flakking (reising).

Men denne helga har Monika Benserud (J17) vore ein tur i Malmø, sør i Sverige, og hoppa tresteg. Ho blei nr. 3 i tresteg-konkurransen i sjølvaste Pallas Spelen, éin centimeter frå andreplassen. Resultat: 11,43 (923 tyrvingpoeng).

Komande helg blir det 60 meter og lengde for Monika, i innomhus-NM i Haugesund.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar