tirsdag 22. januar 2013

Årets mest framgangsrike, Gneist, 2013 - pr. 22. januar

Nei, nei, det skal ikkje kårast nokon framgangsrik for dette året enno. I tidlegaste laget, det. Men, tradisjonen tru, får me no følgja med på framgangar gjennom året - og kvifor ikkje begynna alt no?

Ja, kvifor ikkje? For sjølv for ein som har følgt den hyperlokale friidretten tett ei stund no, så har opninga på årets sesong vore imponerande for fleire utøvarar. I "Årets mest framgangsrike"-kåringa er det til vanleg fleire av dei nest-beste som markerer seg. Dei får gjerne - heilt naturleg - størst framgang frå eit år til eit neste. Fleire av desse nest-beste manglar på resultatlistene enno, men dei kjem vel i gang til Pingvinlekene i februar, vil eg tru.

Grunnlaget er tynt, så her skal berre kommenterast litt i denne omgang, så blir det klarare oversikter etter kvart:

JENTER
Det er først og fremst i løp det finst resultat så langt, og her peikar Sara Tyssebotn Berg seg ut. Ho fekk ein flott start på året med sin fine 600 meter under Nornalekene. Bak henne noterer me oss Anna Evensen, Ingrid Helene Nyhus og Ingrid Næss Johansen. I hopp er det kome nokre få resultat og også her må Anna Evensen nemnast.

GUTAR
Ein del fleire løpsresultat finst mellom gutane. Også her peikar det seg ut eitt namn framfor andre, nemleg Jens Larsen Åstveit, som over tid har konvertert frå sprint til langdistanse. Det har også medført solid framgang i løp for Jens - alt no. Også Eirik Leikvoll, Stian Øvergaard Aarvik og Emil Engelsen Holm må nemnast i denne første runden. I hopp kjem me ikkje utanom Magnus Leikvoll etter fantom-framgangen hans i høgde sist fredag.

Neste gong har me i alle fall ei bøtte med resultat frå Pingvinlekene å legga til grunn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar