fredag 1. mars 2013

Før inne-UM - III

Då er det blitt mars og det er nøyaktig éi veke igjen til inne-UM startar der oppe i Trøndelagen. Det blir mykje øvngar for gutar fødde i det solfylte året 1997 i dette blogginnlegget:

800 meter, gutar 16 har Gneist to deltakarar med, nemleg Jens Larsen Åstveit og Stian Øvergaard Aarvik. Jens har debutert på bane på lengre distansar denne innesesongen og blir vanskeleg å plassera mellom dei 27 påmeldte. Målet må vera å få seg ein anstendig innepers. Stian, derimot, bør ha høgare amisjonar etter ein råsterk vinter. På førehand er han rangert som nr. 11 på 800 meter, så topp ti er eit naturleg mål. Abdurrahman Hir (Selsbak), Lars Lunde (Stord) og Marius-Emil Salvanes (Åkra) er mellom favorittane. På 1500 meter i same årsklassen, gutar 16, er det dei same to frå Gneist som stiller til start, og her er Stian klar medaljekandidat. Han er rangert som nr. 3 på førehand, bak Lars Lunde og Abdurrahman Hir. Jens blir 15. rangert av dei 17 påmeldte.

Me held oss til gutar 16, denne gongen i lengde. Her er det Henrik Almenningen som er vår lokale representant. Også her er det 17 som er påmeldt øvinga, og Henrik er rangert som nr. 6 på førehand, så her er det med andre ord håp om ei svært anstendig plassering. Erik Lund (Brandbu), Odin Hallquist (Koll) og Abou Granli Diomandé (Orion) er medaljekandidatane.

60 meter, gutar 16 får Henrik selskap av Emil Engelsen Holm. Og her er det heile 37 på startlista. Emil er i strålande framgang og er rangert heilt oppe på 4. plass på førehand, så her bør finaleplass vera innan rekkevidde i første omgang. Abou Granli Diomandé (Orion), Marius Kristoffersen (Koll) og Tobias Skavnes Våge (Dimna) er sterkast på papiret på førehand, medan Henrik er rangert rundt nr. 30.

I 4 x 200 meter stafett, gutar 15-17 er det registrert både ein utøvar for BFG Bergen (Emil Engelsen Holm) og ein frå Gneist (Amund Høie Sjursen). Lag blir det no uansett. Her er det fleire sterke konkurrentar - i alle fall frå Ullensaker/Kisa, BUL og Dimna. Igjen: Her er det uråd å spå, men gutelaget er i sterk framgang frå tidlegare UM-forsøk på distansen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar