søndag 17. mars 2013

Eitt år eldre Renate Lie

Eg har mange gode minne frå Stein Fossen som speaker på Fana Stadion, sidan eg tok til å vanka der for snart sju år sidan.

Ein gjengangar har vore at Stein har vore frå seg av begeistring over Renate Lie sine prestasjonar, frå i alle fall 10 års alder og oppover. Renate langa ut på sin 600 meter - til dømes - og låg mange titals meter framfor nr. 2 alt tidleg i løpet.

Renate har vore ein einar frå ho starta, og ho har hatt jamn framgang heile vegen. Etter å ha dominert lokalt har ho fått tøff og viktig konkurranse frå utøvarar frå andre delar av landet. I inne-UM nyleg blei det to sølvmedaljar på henne i meisterskapsdebuten. Seinare i år kan det vanka meir når me kjem til junior-NM og UM - og vel så det.

For søndag sprang Renate 200 meter-tida si heilt ned til 26,43 (1005 tyrvingpoeng) under Bamselekene på Stange. Og då er ikkje vegen svært langt ned til hovud-NM- kravet på denne distansen heller (26,10).

Tida til Renate er også nest-beste tida for seniorar i BFG i vinter. Berre Sara Berrefjord har (knepent) sprunge fortare.

Og, til alt overmål, den ferske 15-åringen vann etter måten klart 200 meter i jenter 16 med dette løpet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar