søndag 31. mars 2013

Konsolidering

12. april i fjor presenterte Bloggen aldersprofilen i BFG, basert på dei som hadde markert seg i banestatistikken utandørs i 2011 og innomhus i 2011/2012-sesongen. Dei som ikkje lengre var i klubben på blogginnlegg-tidspunktet blei ikkje rekna med.

Totalt var det 52 utøvarar på den lista - 35 var kvinner, 17 menn. Bloggen gjorde i tillegg eit poeng av at over tre fjerdedelar av dei 52 var 19 år eller yngre.

Det som har skjedd, etter at Fana IL fann seg nye jaktmarker, kan kallast ei konsolidering. Det er monaleg færre BFG-utøvarar på listene i 2012 og 2012/2013, men det er ei sterk og endå yngre gruppe me snakkar om.

Til saman 34 utøvarar frå BFG finst på listene frå siste ute- og innesesong, når utøvarar som i dag ikkje lengre er i klubben er rekna frå. Talet på kvinner har gått ned frå 35 til 21 utøvarar, medan talet på menn har gått ned frå 17 til 13 utøvarar.

Medan gjennomsnittalderen for kvinnene i 2012 var på 18,6 år, så er den pr. i dag nede i 17,8 år. Då er Pernille Thomassen (42 år) rekna med. Yngste på lista er Silje Stenersen (13 år).

Gjennomsnittsalderen for menn var i 2012 på 19,7 år. Her er den i år nede i 16,3 år (!). Det er temmeleg ungt for ein seniorklubb. Jørgen Austvik er "veteranen" på lista med 20 år, medan 11 år gamle (!) Pål Haugen Lillefosse er yngstemann.

Av dei 13 "mennene" så er Pål for ung og Jørgen overårig, men så godt som alle dei andre er kvalifiserte til årets junior-NM. Også for "kvinnene" er prosentdelen kvalifiserte for dei i rett alder stor. Her er det med andre kvalitet og ein sterk base å byggja vidare på over i reell senioralder.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar