torsdag 28. mars 2013

Historietime: junior-NM 2006

Junior-NM i 2006 gjekk faktisk føre seg på Fana stadion i regi av ein klubb med namn BFG (Fana). Det er altså berre sju år sidan det var eit såpass arrangement i regi av BFG. Hausten 2014 er ein i gang igjen, med eit noko mindre meisterskap, men likefullt eit NM - i terrengløp, lang løype.

I 2006 var det Morten Benserud som sikra BFG gullmedaljen, då han vann 110 meter hekk i MJ22 (16,05).

Men så blei det heile seks sølvmedaljar:

* Amalie Tefre Skage tok sølv i stav med 2,90

* Anne Lise Forsetløkken fekk med seg sølv både i spyd (39,19) og i diskos (28,98) i KJ22.

* Marius Benserud tok sølv i 400 meter hekk (56,11).

* Og broder Morten Benserud fekk også med seg sølv på sin 400 meter hekk, i MJ22, på 58,86.

* Endeleg vann stafettlaget i MJ19, 1000 meter stafett, sølv på 2:01,59. På laget sprang Ole Førsund, Kristoffer Grindedal Jansson, Espen Liland og Marius Benserud.

Og så blei det bronsemedaljar til Ingvild Mundal Andersen i stav (2,80) og til Espen Liland på 400 meter (51,26).

Arrangørklubben hadde ein god bunke deltakarar med på heimebane og det var også mange fine plasseringar utanom desse pallplassane. Til dømes sprang Martine Eikemo Borge ved dette høvet 400 meter (6. plass på 59,31).


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar