lørdag 9. mars 2013

UM - dag 2

Dag 2 i inne-UM i Steinkjer er offisielt avslutta, og me kan konkludera med eitt og anna:

Det blei eitt GULL i dag. Det gjekk til Henrik Irgens Gravdal (G15) på 800-meteren, der Henrik - ifølgje rapportane - imponerte også med løpsgjennomføringa, der han styrte ståket frå start. Imponerande var også slutt-tida på 2:02,90 (1019 tyrvingpoeng)!

Så blei det 3 SØLV-medaljar. To av dei stod like så godt Eirik Leikvoll (G15) for. Rettnok var sølvet i stavsprang venta, sidan det berre var to deltakarar og gullvinnaren var klar favoritt, men Eirik slo til med eit hopp på heile 3,50, som er verdt 1000 blanke tyrvingpoeng. Og det meiner eg er aller første besøket i 1000 poengsklubben for Eirik. Det er også heile 20 centimeter over kravet til junior-NM!

Eirik vann også sølv i høgde, der det var tøffare konkurranse. Også her persa Eirik - til 1,74 (958 poeng)!

Tredje sølvmedaljen sikra Renate Lie (J15) seg, då ho tapte duellen mot Mari Drabløs (Tyrving) på 800 meter. Det gjekk sakte undervegs og tida blei - til Renate å vera - ordinære 2:32,02.

Det var bronsefattig fredag i Gneist-leiren, men lørdagen blei det 3 medaljar også i BRONSE:

Aller mest imponerande bronsemedalje var det Amund Høie Sjursen (G17) som oppviste, då han i eit sylskarpt felt sprang inn til 7,16 i finalen på 60 meter - og kopierte persen han sette i semifinalen (1037 poeng)!

Maren Haugen Lillefosse (J15) fekk seg bronse i lengde med eit hopp på 5,19.

Og Magnus Leikvoll (G17) henta ny inne-UM- medalje i stav, denne gongen med eit hopp på 3 meter jamt. Magnus har betre pers i stav, men pers blei det derimot i høgde, der han blei nr. 5 på 1,81 (916 poeng).

Elles blei det noker fine sesongbeste i tillegg:

- Erlend Gjerdevik Sørtveit (G19) sprang inn til 5. plass i sin klasse på 800 meter med den fine tida 2:02,97 (838 poeng).

- Stian Øvergaard Aarvik (G16) sprang på 2;08,84 på sin 800 meter (840 poeng), medan Jens Larsen Åstveit (G16) vann førsteheatet i årsklassen sin på 2:09,54 - som må vera ny offisiell pers for Jens (828 poeng).


Dersom eg har følgt med i teljinga har me no kome til 11 medaljar totalt, 

3 GULL, 5 SØLV og 3 BRONSE

Og eg vil tru det vankar noko meir søndagen før heimreisa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar