lørdag 16. mars 2013

Sølv på Stange

Me feira 60-årsdag i Bloggen i går. I dag feirar Bloggen innlegg nr. 700. (Eg tar eit glas Farris til, tenker eg.)

Og så var ikkje innesesongen heilt slutt: I mange år har Stangehallen i Hedmark stått som den fremste innebastionen i norsk friidrett. Den tida er ugjenkalleleg over: No er det hallar i Steinkjer, Bærum, Haugesund som tar over.

Men leikane med dei mange mjuke bamsane lever no vidare. Med Bamselekene ebbar i alle fall innesesongen ut, med påske og deretter så smått utesesong med terrengløp aller først.

Det har vore eit par-tre Gneist-utøvarar til stades under Bamselekene dei siste sesongane, så også i år:

Ingrid Næss Johansen (J16) blei nr. 2 på 600 meter lørdag. Det gjorde ho med solid ny pers, 1:45,01 (807 poeng).

Sølvbamse blei det også på Renate Lie (J15, men ho stilte i J16) på 60 meter. Ho sprang like så godt på 8,23 både i forsøksheatet og i finalen. Renate har vore heilt nede på 8,12 tidlegare i vinter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar