mandag 4. mars 2013

Før inne-UM - VI

Å koma til årgang 15 og få lov til å vera med i eit UM er ein milepæl for svært mange friidrettsutøvarar. I dag er det ein god gjeng av desse sine øvingar i Steinkjer som skal presenterast:

1500 meter, jenter 15 er det berre sju deltakarar på startlista, men til gjengjeld er smått fantastiske fire av desse sju frå IL Gneist! Det betyr med andre ord at Gneist er sikra minst éin medalje i øvinga, men det kan fort bli to. På papiret er meisterskapet ein kamp mellom Renate Lie og Mari Drabløs frå Tyrving. Bak der kjempar Linn Seliussen om ein bronsemedalje. Her er me også spente på Eline Sandnes Fosse frå Strandebarm, som ikkje har så mange lengre baneløp bak seg, men som spring fort i Strandebarm sin eigen karusell. Også Tuva Straume og Maria Josefine Berg stiller til start i øvinga.

800 meter, jenter 15 er det to av dei fire på den lengste distansen, Renate Lie og Maria Josefine Berg, som er med. Her er Renate favoritt, men også her er det Mari Drabløs (Tyrving) sm er nærmaste utfordrar. Madeleine Rettore (Sandnes) er også medaljekandidat. Totalt er det 13 utøvarar med i denne øvinga.

Sondre Rinde er vår ungdom på 200 meter, gutar 15, der det totalt er 19 utøvarar med. Her er Sondre mellom dei fremste på papiret, men stiller i utfordrarrolle til medalje: Bjørnar Lie (Orion), Åsmund Fornes Sand (Verdal) og Henrik Skulevold (Sandnes) er på førehand dei sterkaste. På 60 meter, gutar 15 er det nesten blåkopi: Skilnaden er at det her er 26 utøvarar påmeldt, elles er det dei same fire som er dei fire topprangerte, i same rekkefølgje: Lie, Sand, Skulevold og Sondre.

Til sist i dag til ei anna realistisk medaljeøving for Gneist, 200 meter, gutar 16. Her er Abou Granli Diomandé frå Orion favoritt, men fremste utfordraren er Emil Engelsen Holm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar