fredag 15. mars 2013

Torstein Erichsen

Rykta vil ha det til at Torstein Erichsen fyller 60 år i dag, fredag 15. mars. I så fall: Gratulerer på det aller hjartelegaste, Torstein!

Når eg seier "rykta vil ha det til...", så er det naturlegvis fordi det er smått utruleg at Torstein - som har vore "ein av gutta" sidan han var gutunge - no er 60 år.

Og når det gjeld 60 år: I september 2009 drog eg til USA og til the Jersey Shore same dagen som ein kompis av Torstein og meg, Bruce Springsteen, fylte 60 år. Og etter å ha sett Bruce frå scena ein del gongar: Det er ingen tvil om at både Bruce og Torstein er vitale ungdommar!

For meg så er Torstein friidretten på og rundt Fana Stadion. Det er mange som gjer ein dugande jobb på mange område, mange er innom i kortare eller litt lengre periodar, men Torstein berre er der.

Sjølv har han sagt at han er "ungdomsarbeidar" meir enn trenar. Men så er han i staden kombinasjonen av ungdomsarbeidar og trenar i ein og same person.

For på den eine sida har Torstein gjennom sin leiarstil og veremåte skapt seg ein svær venneflokk mellom ungar, ungdommar og foreldre gjennom mange år.

På den andre sida: Torstein har også skapt ein haug av landets fremste friidrettsutøvarar mellom barn og ungdom. Ein kjem langt med "treningstalent og det å holde seg skadefri". Og ein kjem langt med å vera på lag med og bry seg om ungar og ungdommar.

Torstein har i ein samanheng sagt til meg at "ingen er uerstattelige". I så fall er Torstein unntaket som stadfestar regelen.

Igjen: Tillykke og lykke til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar