lørdag 2. mars 2013

Før inne-UM - IV

Fire øvingar når eg over i dag:

Først skal me sjå på lengde, gutar 17 der Amund Høie Sjursen er eit spennande og sterkt Gneist-kort. Karsten Warholm (Dimna) og Ingar Kiplesund (Trondheim) er i utgangspunktet dei to sterkaste, og i så fall får me ein ny duell om bronsen mellom Marius Bull Hjeltnes (Hovding) og Amund. Amund har 6,42 inne i vinter, men bør ha meir å gå på. Til saman er det 11 påmeldt i øvinga

1500 meter, gutar 18/19 er det ikkje mindre enn fire Gneist-gutar på startstrek mellom totalt 20 utøvarar. Her er det i utgangspunktet tre sterke medaljekandidatar i Magnus Sirnes Hjellum (Haugesund), Roald Hagbart Frøskeland (Steinkjer) og Ådne Andersen (Hareid), men bak der kan det vera muleg å finna Gneist-arar. Erlend Gjerdevik Sørtveit er rangert som nr. 4, Andreas Iden som nr. 5, Ole Martin Røssland nr. 11 og Anders Strømblad Hansen nr. 12.

Til sist i dag to øvingar der Monika Benserud er deltakar - og då snakkar me om jenter 17. På 60 meter hekk er det ni påmelde utøvarar og her er Monika gullkandidat. Utfordrarar er Mari Forbord Anderssen (Kristiansand), Naomi van den Broeck (Hovding) og Caroline Fleischer (Ski).

I lengde, jenter 17 er også Monika medaljekandidat, dersom ho får hoppinga til å sitja slik ho kan. Igjen blir Naomi van den Broeck (Hovding) sterk. Ei anna som kan få seg medalje er Sofie Olsholt frå Tyrving. Til saman 15 jenter er med i lengde i aldersklassen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar