torsdag 7. mars 2013

Før inne-UM - IX

Siste kvelden før UM i Steinkjer startar så tar me også med oss to blad Jørgen, som representerer BFG Bergen i 20-22- klassen - ein klasse som berre finst i inneversjonen av UM. 

Både Jørgen Jensen Axelsen - fleirårig Gneist-ar - og Jørgen Austvik stiller på 800 meter og 1500 meter i helga.

800 meter er det ni utøvarar påmeldt. Her er det tre krystallklare medaljekandidatar i Filip Ingebrigtsen (Sandnes), Andreas Roth (Ullensaker/Kisa) og Vegard Løberg Gjelsvik (Ullensaker/Kisa). Våre to er rangert som nr. 7 (Austvik) og 8 (Axelsen). 

1500 meter er Filip Ingebrigtsen ein like stor gullfavoritt, men bak han er det sjansar for mange. Totalt er det sju på startstrek søndag ettermiddag. Her må det springast fort dersom flyet heim til Bergen skal nåast...Og Jørgen Austvik er klar medaljekandidat på distansen. Eg tippar bronse til denne Jørgen. Eg er usikker på Axelsen sin form, men han er i utgangspunktet rangert som nr. 4 av dei 7.


Heilt til sist - i førehandseksersisen: Kva blir medaljefangsten til IL Gneist i dette UM-et basert på mine førehandstips? Vel, først må eg seia at til vanleg blir genereringa av medaljar basert på slike tips noko høgare enn den reelle fangsten; ikkje minst skadar og sjukdom har sett ein stoppar for gode medaljar tidlegare, men så har det også vanka ei og anna overrasking.

Tipset er uansett ein rikare medaljefangst enn på svært mange år: Til saman 21 medaljar seier førehandstipset at det blir totalt. Skal eg drista meg til - og det skal eg jo - å fordela dei 21 på medaljetypane, så er tipset 6 gull, 10 sølv og 5 bronse.

Fasiten kjem søndag kveld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar