tirsdag 5. mars 2013

Før inne-UM - VII

Då er me komne til romartal sju - det er ei utfordring å halda tunga beint i munnen - og det nærmar seg slutten på UM-gjennomgangen, men ein del gjenstår då framleis:

Først i dag til dei lengste distansane for jenter 16 år. På 800-meteren lørdag stiller det 24 jenter (i alle fall har dei no meldt seg på), og mellom dei 24 finst det tre Gneist-jenter og ei venninne frå Fana (Os). Og det er grunn til å tru at lokale krefter vil vera med på å prega øvinga. Både Målfrid Pettersen Lunde (Fana) og Elina Drivenes er medaljefavorittar, saman med Emilie Larsen (Orion). Dei to andre Gneist-jentene er på førehand rangert som nr. 9 - Ingrid Næss Johansen  - og 10 - Anna Serine Røssland.

1500-meteren for jenter 16 er det 11 utøvarar på startlista. Heile fire av dei er frå Gneist, og i tillegg er også her Målfrid frå Fana med. Etter sitt løp 1500-løp under Pingvinlekene er Ingrid Næss Johansen heilt i favorittsjiktet. Også Målfrid Pettersen Lunde (Fana) kan ta medalje, medan Johanna Jansson (Børsa) og Inger Emilie Mathisen (Askim) er andre - mellom fleire - sterke namn. Bak der blir Thyra Hevrøy (5), Anna Serine Røssland (6) og Eline Myking (7) rangerte på ei fin rekkje.

Også for gutar 15 er det dei to lengste distansane som er i fokus denne vår-tirsdagen: Først må det slåast fast at det er relativt svak påmelding til desse distansane i dei yngste klassane: Både for jentene og for gutane er det tynt. På 800 meter er det i alle fall så mange som 9 påmeldt. Her er Henrik Irgens Gravdal ein klar medaljekandidat, med Thomas Jeffersom Byrkjeland (Tjalve) som stor utfordrar og Daniel Nikolai Pedersen (Skjalg) bak der. På 1500-meteren er det berre fire (!) påmeldt. Det hender jo at det er eit forfall eller to i løpet av UM-helga og skulle det råka denne øvinga, ja så er det berre å spasera seg til medaljar. Uansett så er Henrik klar favoritt på 1500-meteren, også her med Thomas Jefferson Byrkjeland som nærmaste utfordrar.

To øvingar også for gutar 17 i dagens gjennomgang: Aleksander Lie spring 800 meter lørdag, som ein av til saman 22 utøvarar. 1996-årgangen er sterk på mellomdistanse. Her må i alle fall nemnast fire medaljekandidatar: Sigurd Blom Breivik (Sandvin), Mathias Berntzen Engevik (Nittedal), Haavard Lien (Tyrving) og Sondre Dingsør Skogen (Bergens TF). Det blir spennande å sjå formen til Aleksander. På førehand blir han rangert som nr. 13.

I høgde for 17-åringane er Magnus Leikvoll Gneist-representanten mellom dei 9 som er påmeldt. Med sitt 1,80-hopp i vinter har Magnus meldt seg på mellom i alle fall utfordrarane til medalje, men då må han minst like høgt også i Steinkjer. Dei tre medaljeaspirantane er etter måten klare som det; Karsten Warholm (Dimna), Sverre Blom Breivik (Sandvin) og Eric Alberto Marhaug (Bodø).


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar