søndag 3. mars 2013

Før inne-UM - V

Dagens fem øvingar går i stigande rekkefølgje når det gjeld alder, og først ut er jenter 15, 200 meter, der Maren Haugen Lillefosse er Gneist-representanten mellom totalt 21 utøvarar. Her er det slik at det er tre relativt klare medlaljekandidatar, med Maren som 4. rangert. Dei tre framfor ho er Helene Rønningen (Tyrving), Kristi Strømmen Kjerpeset (Florø) og Nathalie O. Johnsen (Sørild).

I tresteg, jenter 17 har me ikkje så mykje anna val enn å leggja til grunn at Monika Benserud  har kome i fin spenstform under treningsleiren på Lanzarote. I så fall er Monika favoritt i øvinga, med Julie Gaustad (BUL) og Sofie Olsholt (Tyrving) bak der. Til saman 11 utøvarar er påmeldt øvinga.

Søster Marianne Benserud er ei av 6 jenter som skal vera med i stav, jenter 18/19. Stav er stav, men her er det - til liks med 200-meteren i jenter 15 - tre klare medaljekandidatar og så Gneist-utøvaren som 4. rangert. Dei tre framfor Marianne i utgangspunktet er Julie Farseth berg (BUL), Malin Vik Gregor (Orion) og Paula Nedberge Llano (Laksevåg).

Marianne er også påmeldt i tresteg, jenter 18/19, der det skal vera sju utøvarar med. Her er Andrea Breilid (Kristiansand) klar favoritt, medan Marianne blir rangert som nr. 6.

Til slutt i dag til 800 meter, jenter 18/19, der det er Vilde Omholt som skal springa. Ho har spesialisert seg på 800 meter dei siste par sesongane. Ho har også hatt ein særs god treningsleir, så dette blir spennande. Vilde er rangert som nr. 8 av dei 9 på startstrek på førehand. Favorittar er Veronica Undseth (Herkules), Aurora Dybedokken (Tyrving) og Ida Elise Eltervaag (Skjalg).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar