torsdag 28. februar 2013

Før inne-UM - II

Dei eksperimenterte med dagsprogrammet under inne-UM i Sandnes i fjor. Det førte til ein god del rabalder i friidrettsandedammen i etterkant. I år er det meste på "rett" plass igjen. Det gjeld mellom anna dei lengste distansane, som minus Sandnes i fjor har gått lørdag (800) og søndag (1500).

Neste lørdag er det mellom 800 meter, gutar 18/19. Her stiller Gneist med tre utøvarar i ein tøff konkurranse. Totalt 22 utøvarar er påmeldt. Erlend Gjerdevik Sørtveit er best rangert av våre, som nr. 13, medan Anders Strømblad Hansen og Ole Martin Røssland følgjer som nr. 17 og 18. Klar favoritt er arrangørklubbens Roald Hagbart Frøskeland, medan Ådne Norland (Vollan) og Abduljaleel Hir (Selsbakk) gjer medaljetipset komplett trøndersk.

60 meter, gutar 17 har me ein sterk deltakar i Amund Høie Sjursen. Han har vore heilt nede på 7,24 i vinter og er med det 2. rangert av dei 32 påmelde - saman med Marius Bull Hjeltnes (Hovding). Andre sterke namn er Karsten Warholm (Dimna), Even Meinseth (Sørild) og Ingar Kiplesund (Trondheim).

Til slutt i dag ikkje mindre enn tre øvingar der Maren Haugen Lillefosse er Gneist-representanten. Det skjer i Jenter 15. På 60 meter hekk  er Kristi Strømmen Kjerpeset frå Florø klar favoritt, medan Maren nesten er like klar sølvfavoritt. Tredje medaljefavoritten er Wendel Marie Håvardstun (Sandefjord). Det er 18 påmelde på hekken. I lengde - der det er 25 på startlista - er Maren 3. rangert, bak nemnde Kjerpeset og Nathalie O. Johnsen (Sørild). Det er på førehand litt lengre opp til medalje på 60 meter, men Maren er klar kandidat til finaleplass, med si 5. rangering på førehand. Og det er jo solid, når det er heile 40 utøvarar som er påmeldt øvinga. Helene Rønningen (Tyrving) er favoritten på 60 meter, med alt omtalte Nathalie O. Johnsen (Sørild) og Kristi Strømmen Kjerpeset (Florø) som andre medaljekandidatar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar