søndag 10. mars 2013

UM - dag 3

La meg aller først få lov til å rekapitulera medaljetipset i denne bloggen frå før helga:

6 - 10 - 5 - og altså 21 medaljar totalt.

Og kva blei den fantastiske fasiten - den beste inne-UM- innsatsen for Gneist sidan steinalderen? Jo:

5 - 11- 5 - og altså 21 medaljar totalt!

La no gå med at eg blingsa i sola i Søviken, slik at det eine sølvet såg ut som eit gull.

Først, medaljane siste dag:

GULL:
* Eit fantastisk gledeleg gull til Eline Myking (J16) på 1500 meter. Ho sprang inn på 4:56,98 (910 poeng), som er fattige sju tidelar bak klubbrekorden til Silje Arnøy i BFG!

* Det andre gullet stod Henrik Irgens Gravdal (G15) for, også han på 1500 meter. Det var også Henrik sitt andre gull i hans første UM. Tida blei 4:12,44, ei lita pynting på super-tida frå NM i Haugesund (1052 poeng).


SØLV:
- Og så ein ny haug med sølv i dag:

* Eit fantastisk sølv til Henrik Almenningen (G16) i lengde, med eit superhopp på 5,86 (892 poeng).

* Eit strålande sølv og pers på Emil Engelsen Holm (G16) på 200 meter. 23,89 i semifinalen (23,90 i finalen) gir 966 poeng.

* Eit forventa sølv til Magnus Leikvoll (G17) i kule. Resultat: 11,49.

* Sølv nr. to blei det på Renate Lie (J15) i hennar UM-debut. Også på 1500 meter måtte ho sjå seg slegen av Mari Drabløs frå Tyrving. Tida til Renate blei 5:08,93 (862 poeng).

* Sondre Rinde (G15) blei belønna med sølv for sitt flotte lengdehopp på 5,73 (916 poeng).

* Stafettlaget for jenter 15-17 vann også ein flott sølvmedalje (4 x 200 meter). På laget sprang Maren Haugen Lillefosse, Renate Lie, Monika Benserud og Elina Drivenes. Og tida blei 1:47,13.


BRONSE:
* Linn Seliussen (J15) sikra seg bronse på 1500 meter med tida 5:12,04 (843 poeng).


* Og Amund Høie Sjursen (G17) vann den forventa bronseduellen med Hovding (og Ulvik) sin Marius Bull Hjeltnes i lengde - med 2 centimeter. Amund hoppa 6,54 (988 poeng).


*
I tillegg til medaljane vankar det skryt til følgjande på siste dag:
- Elina Drivenes (J16) blei nr. 6 på 200 meter (26,98 i forsøket gav 935 poeng).
- Ole Martin Røssland (G18) blei nr. 6 også han, på 1500 meter, med ny pers, 4:14,91 (909 poeng).
- Marianne Benserud (J18) tok 4. plass i stav med tangering av sesongbeste, 3,10 (920 poeng).
- Jens Larsen Åstveit (G16) persa igjen på 1500 meter, med 4:29,41 (878 poeng).

Heilt til slutt tar me med to gnistrande bronsar til BFG:
- Sara Berrefjord (J18/19, Bjarg) overraska, sprang seg heilt ned på 26,30 på 200 meter og vann bronsen på det.
- Jørgen Austvik fekk seg bronse i 20-22 klassen med fin tid, 4:05,55 - beste tida i BFG i vinter på 1500 meter.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar