I 2011 var Gneist 10. beste klubben på medaljeoversikten frå inne-UM på Ranheim. 3 gull, 4 sølv og 3 bronse var fasiten den gongen. Fri var beste klubben frå Hordaland.
I 2012 var Gneist 15. beste klubben under meisterskapet i hallen i Sandnes - og framleis var IL Fri framfor Gneist frå vårt fylke. 2 gull, 2 sølv og 2 bronse blei det totalt på Gneist i 2012.
I 2013 har så pila berre flytta seg radikalt oppover, etter helgas meisterskap i Steinkjer: Totalt 21 medaljar, fordelt på 5 gull, 11 sølv ("Silverklubben") og 5 bronse!
Med dette er Gneist 4. beste klubben totalt på medaljeoversikten frå inne-UM. Berre Tyrving, Dimna/Karsten Warholm og BUL er framfor. Dermed er også Gneist beste klubben frå Hordaland.
Og framfor alt er det breidden i Gneist som imponerer: Det er ein stor og god gjeng som plukkar medaljane. Og på lista over den totale medaljefangsten er Gneist berre knepent slegen av IL Tyrving. Og landets største klubb og landets mest framoverstormande er i ein klasse for seg på nett den oversikten.
Og: Det var ikkje stong-inn alt denne helga heller. Og: Me har ein "Karsten Warholm" i 99-klassen i Gneist også. Det kan bli ny kraftig markering i ute-UM på Lillehammer til hausten, for ikkje å snakka om 2014. Barometerpila peikar stadig oppover.
INNE-UM 2013:
MEDALJEOVERSIKT – topp 10
– etter medaljefordeling
TYRVING
|
10 GULL
|
5 SØLV
|
8 BRONSE
|
DIMNA
|
9 GULL
|
3 SØLV
|
3 BRONSE
|
BUL
|
7 GULL
|
5 SØLV
|
4 BRONSE
|
GNEIST
|
5 GULL
|
11 SØLV
|
5 BRONSE
|
MOELVEN
|
5 GULL
|
3 SØLV
|
2 BRONSE
|
SELSBAKK
|
5 GULL
|
1 SØLV
|
2 BRONSE
|
ÅLESUND
|
5 GULL
|
|
|
ORION
|
4 GULL
|
2 SØLV
|
4 BRONSE
|
SANDVIN
|
4 GULL
|
2 SØLV
|
1 BRONSE
|
KRISTIANSAND
|
4 GULL
|
1 SØLV
|
1
BRONSE
|
INNE-UM 2013:
MEDALJEOVERSIKT – topp 10
– etter totalt tal medaljar
TYRVING
|
23 MEDALJAR
|
GNEIST
|
21 MEDALJAR
|
BUL
|
16 MEDALJAR
|
DIMNA
|
15 MEDALJAR
|
LAKSEVÅG
|
14 MEDALJAR
|
TJALVE
|
12 MEDALJAR
|
MOELVEN
|
10 MEDALJAR
|
ORION
|
10 MEDALJAR
|
RANHEIM
|
10 MEDALJAR
|
SANDNES
|
9 MEDALJAR
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar