Eitt poeng etter årets KM (som altså blei skipa til i juni) er at det er fleire klubbar som markerer seg i medaljefangsten. Heile 15 klubbar fekk med seg gullmedaljar. I tillegg er det fleire som plukkar mange gull. Dette er svært positivt. Me noterer heile 6 gull på Skogsvåg, til dømes. Neste års NM-arrangør, Ask, legg me merke til igjen er høgt oppe. Dei har auka frå 12 til 14 gull. AKS-77 fekk 12 gull, mot 8 i fjor.
Dette igjen inneber at Gneist og Fana, som dominerte i fjor, har langt færre gull, sjølv om dei to framleis toppar statistikken. Gneist er knepent framfor Fana dette året:
|
Gull
|
Sølv
|
Bronse
|
Gneist
|
16
|
19
|
11
|
Fana
|
15
|
26
|
23
|
Ask
|
14
|
5
|
8
|
Bergens TF
|
12
|
9
|
10
|
AKS-77
|
12
|
8
|
6
|
Norna-Salhus
|
9
|
2
|
1
|
Skogsvåg
|
6
|
4
|
2
|
Viking
|
5
|
6
|
5
|
Osterøy
|
3
|
5
|
2
|
Laksevåg
|
3
|
3
|
6
|
Voss
|
3
|
2
|
1
|
Bjarg
|
3
|
1
|
3
|
Fri
|
2
|
5
|
2
|
Bremnes
|
2
|
2
|
1
|
Sædalen
|
2
|
0
|
1
|
Strandebarm
|
0
|
0
|
1
|
Gneist var nede frå topp-plassen i 2013, då Fana toppa. Elles har Gneist vore topp-klubb i denne oversikten sidan 2009. Samtidig var medaljefangsten ein heilt annan i åra 2009-2012 og i 2014 enn den var det i 2015. For tredje året på rad er det Fana som har plukka (klart) flest medaljar: 64 for Fana, mot 46 for Gneist. Gneist har med andre ord ein del toppar, men manglar den store breidda som til dømes Fana no har.
Fana tok til å bli ein toppklubb i 11-14 år frå 2011, etter ei systematisk satsing. Her er styrkeforholdet mellom Gneist og Fana 2008-2015:
Tala: Totalt (gull-sølv-bronse)
|
GNEIST
|
FANA
|
(differanse)
|
2008
|
37 (13-14-10)
|
24 (6-13-5)
|
G-13 (7-1-5)
|
2009
|
78 (30-26-22)
|
21 (7-7-7)
|
G-57 (23-19-15)
|
2010
|
73 (32-25-16)
|
26 (7-8-11)
|
G-47 (25-17-5)
|
2011
|
88 (40-28-20)
|
41 (15-15-11)
|
G-47 (25-13-9)
|
2012
|
65 (41-15-9)
|
33 (9-14-10)
|
G-32 (32-1-f1)
|
2013
|
31 (16-10-5)
|
53 (22-17-14)
|
F-22 (6-7-9)
|
2014
|
54 (30-15-9)
|
65 (23-17-25)
|
F-11 (g7-2-16)
|
2015
|
46 (16-19-11)
|
64 (15-26-23)
|
F-18 (g1-7-12)
|
Gneist sin trend i tal på totale medaljar er klart på veg ned. Det er ei generell utfordring med at færre og færre konkurrerer i dei yngste klassane. Delvis er det lett å la seg blenda av god kvalitet i 15+, delvis er det fleire solide toppar i nokre av dei yngre klassane framleis, men totalbiletet er likevel eintydig.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar