søndag 20. september 2015

Prestasjonar i Fana

Lørdag var det prestasjonar  Fana (stadion). Søndag var det i Fana, for då handla det om turar (heil-mil og halv-mil) rundt om i Fana-bygda i Fanamilen.

No er det, så langt, berre ved unntakstilfelle at denne bloggen har besøkt løp utanfor bane - enten om dei er i meir eller mindre flate løyper eller oppover fjellsider.

Men no er det naturlegvis mange som har lurt på om bloggarens overgang til Idrettslaget Trio var vellukka, reint sportsleg. Og det kan ein vel ganske klart slå fast at den var. Det blei fanamil-pers med 43 sekund og 2. plass mellom Trio-deltakarane (naturlegvis tre i talet).


Heine Eide Røssland, flanktert av Trio sitt nyaste medlem og ein nøgd bømling frå Hauglandshella.

Og så får Stian Øvergaard Aarvik (med løyperekord på 5 km) og Marius Vedvik (med løyperekord på 10 km) orsaka meg. Den største prestasjonen - men utan noko parkett i premie, berre ein 3-4 bananer - stod Heine Eide Røssland for. Rettnok har Heine trent jamleg i fire år i Gneist, men på løpssida har all trening vore sprint-basert, det same har stemndeltaking vore; 40 meter og 60 meter er han brukande på. Å gå frå 60 meter til 5 kilometer er litt av ein overgang. Men ved frukostbordet søndag blei avgjerda teken; han skulle springa 5 km. Han starta i eit drepande tempo: etter 500 meter hang han over gjerdet og var berre  sliten. Deretter gjennomførte han i intervall-stil; med solide løp og solide (gå-) pausar, før han avslutta med ein skikkeleg spurt siste 30 meter.

Ein stor dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar