lørdag 5. september 2015

Gnistrande første dag av kretsleikane

Pål Haugen Lillefosse har sett så mange rekordar i 2015 at eg har mista oversikten. Målet er å finna den igjen ein eller annan stad, i ein krik eller i ein krok. Lørdag fekk han endå ein. Då hoppa han 4,52 i stav, noko som er ny stemnerekord i kretsleikane for 14-åringane med så mykje som 1 meter og 10 centimeter!


Pål vann også si andre øving lørdag, på 80 meter hekk.

Herman Ellingsen vann 600 meter i G13. Han blei i tillegg nr. 2 på 60 meter hekk.

2. plass blei det også på Andreas Haara Bakketun i G14 på 200 meter. Same plassering blei det på Hans-Magnus Haukøy på 600 meter. Hans-Magnus slo dessutan til med ny pers på distansen, med 1:31,43, like under det han sprang på nyleg under Gneistspelen.

Så kompletterer me med plasseringane til einaste Gneist-jenta på Osterøy denne helga: Nora Helene Kjerland Kristensen, som blei nr. 7 på 600 meter og nr. 14 på 200 meter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar