Me hugsar alle Bjarte Eikanger som ein uhyre sterk løpar, både på bane, gate og i skog og mark - ei god stund gjerne i konkurranse med ungdommane - og gjerne, slik som på biletet, med det resultat at han viste dei yngre ryggen.
Dette er den korte soga om Gamp-en som blei topp-trenar. Bjarte Eikanger har sjølv titulert seg som "Gamp" og gruppa si som Team Gamp, eller deromkring, men siste året har denne omtalen blitt monaleg nedtona. I staden har ei offensiv, målretta satsing prega treningsgruppa til Bjarte. Ja, i tillegg til at det er bygt opp eit svært godt miljø mellom gutane (jada, dei er no gutar, sjølv om dei veks til). Til saman har dette gjort 2015 til eit nesten usannsynleg vellykka år for nett denne gruppa. Når ein god del andre (ikkje alle!) har slite, så har Bjarte si gruppe stått fram og markert Gneist på kartet. Bokstavleg talt. Henrik Irgens Gravdal kvalifiserte seg for og deltok i ungdoms-VM i Colombia. Meisterskap og medaljar både i junior- og ungdomsmeisterskap finst også på lista.
Men først og fremst er det ei betydeleg betring i breidda i toppen, som er lett å legga merke til.
For her har ikkje ein og to, men ein god gjeng kvalifisert seg til hovud-NM, seinast med Jens Larsen Åstveit sitt flotte hinder-løp under UM.
Men så er det altså slik at det for denne typen utøvarar ikkje minst finst to nøkkeldistansar - 800 meter og 1500 meter - der ein gjerne har milepælar for under 2 og under 4 minutt. I fleire år har Gular dominert, med mange utøvarar i desse sub-kategoriane. BFG-miljøet hadde veldig få, om nokon, i mange år.
I 2015 har vinden snudd. På 800 meter har Gneist i skrivande stund åtte utøvarar under 2 minutt! Anders Bjørndal tronar øvst, i røynda saman med nemnde Henrik, på 1:53,84 (og 1:53,94). På 1500 meter er det fem utøvarar som har kome seg under 4 blank, med Henrik øvst på lista, med 3:54,76 frå den nyaste ullevien.
På 3000 meter er det åtte utøvarar som er under 9 blank, ei anna grense ein har slite med tidlegare - seks av dei frå Team Bjarte.
Det finst mange flinke trenarar. Av og til er det på sin plass med ein ekstra honnør til nokon av dei. I 2015 er det i høg grad rett å gi symbolske blomar til Bjarte - samtidig som eg er overtydd om at her ikkje blir noko kviling på laurbær, verken for utøvarane eller for trenar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar