lørdag 19. september 2015

Krav og kriterier 2016

Ein førebels oversikt over "Krav og kriterier" til dei internasjonale meisterskapa ligg no føre frå Norges Friidrettsforbund. Detaljar kan lesast HER.

Pr. september i år er det nokre lokale utøvarar som bør blinka seg ut krav og ha til motivasjon gjennom vinteren. Kvalifiseringsperioden startar først ved nyttår.

Eit raskt blikk blinkar ut fire meisterskap som aller mest aktuelle:

* EM for senior i Amsterdam, 6. - 10. juli. Her er det først og fremst håp om at ein skadefri Amund Høie Sjursen kan melda seg på i kampen om plassane på 100 meter. Amund, som har 10,45 frå fjoråret, er berre sju hundredelar frå kravet. Men Norge er no i den gode situasjonen at her er opptil fleire unge sprint-talent som tar mål av seg å klara dette kravet.

* U20-VM i Kazan, Russland, 19. - 24. juli. Her er det utøvarar som er fødde i 1997 og 1998 som kan delta for Norge. På jentesida kan me håpa på at utøvarar som Renate Lie og Eline Myking kan ta steg i 2016-sesongen og melda seg på. Også her er det håp til come back for Anna Serine Røssland, som har pers åtte sekund under kravet på 3000 meter hinder. På gutesida er det ikkje urovekkande langt ned til krava på 800 og 1500 for Henrik Irgens Gravdal, medan 10 000-meter kravet kan vera aktuelt for ein Jens Larsen Åstveit og kan henda Stian Øvergaard Aarvik.

* U18-EM i Tblisi, Georgia, 14. - 17. juli. Her det slik at det er utøvarar fødde i 1999 eller 2000 som kan delta for Norge. Dermed er me i den spesielle situasjonen at Pål Haugen Lillefosse alt no har overhoppa kravet i stav med 23 centimeter, men er fødd eitt år for seint...  På jentesida peikar Ingvild Myking seg ut. Ho har pers som er betre enn kravet på 1500 meter og er heller ikkje langt unna på 3000 meter. I tillegg er Kristoffer Blücher aktuell på eit par distansar, til dømes på 800 meter. Og så kan me ikkje sjå vekk frå mulegheten for at Gjert Høie Sjursen kan tikjempa seg til plass?

* VM i motbakkeløp, Bulgaria, 4. september. Her er Stian Øvergaard Aarvik sjølvskriven.

**

Og så her er rom for overraskingar, naturlegvis! Men me tar berre imot positive overraskingar i 2016.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar