tirsdag 8. september 2015

Før UM - II

Dagens førehandsbolk til helgas UM tar for seg éin klasse og to utøvarar: G15 og Gjert Høie Sjursen og Thomas Blücher.



Surprise, surprise: Dei to får ikkje selskap av kvarandre på nokon av øvingane.

Først til Gjert Høie Sjursen sine påmelde øvingar:

Og ungdomsmeisteren i mangekamp frå Nittedal i vår, han er medaljekandidat - og vel så det - i det han stiller opp i.

100 meter er det 24 påmelde utøvarar. Filip Bøe frå Fana er grei favoritt, men bak der er Tinius Fremstad-Waldron (BUL) og Gjert rangert. Men på 100 meter hekk er Gjert rimeleg klar favoritt mellom dei 10 påmelde, med Sebastian Marrot (Bækkelaget) og Viljar Gjerde (Norna-Salhus) med nærmaste tider på førehand. Gjert må tåla favorittstempelet også i lengde. Også der er Viljar Gjerde medaljekandidat. Eirik Mannsverk (BUL-Tromsø) eir ein annan som kan hoppa langt. Her er 14 påmelde.

Så er mangekjempar Gjert påmeldt i to kast-øvingar: Kulestøt er den einaste øvinga der Gjert ikkje nr.1 eller topp 3 på førehand. Til gjengjeld er han 4. rangert, så langt unna er det ikkje her heller. Fana-kompis Erlend Bolstad Raa har støtt lengst i år, framfor Simen Sebstian Hansen (Ås) og David Vorren (Vadsø). Men i den andre kastøvinga til Gjert, diskos, er han igjen etter måten klart lengst så langt i år, med nemnde Simen Sebastian Hansen nærmast og Sander Mikkelsen (Eidanger) deretter.  Altså: Gjert er gull-favoritt i tre øvingar og medalje-kandidat i to...

Så til den andre debutanten i denne forma for UM, Thomas Blücher. Thomas er medlem av den framgangsrike gjengen til Bjarte Eikanger, noko som betyr at han er påmeldt dei tre lengste distansen i G15: 800 meter, 1500 meter hinder og 2000 meter.

800 meter er det tre klare medaljekandidatar i Jakob Ingebrigtsen (Sandnes), Petter Myhr (Orion) og Martin Berntzen Engevik (Nittedal), men Thomas er så høgt rangert som nr. 7 av dei 31 påmelde.

1500 meter hinder skal vera noko heilt nytt for Thomas. Det er han aldri åleine om når det kjem til UM. Difor er det vanskeleg å spå godt, men eg reknar med at to av dei nemnde, Jakob Ingebrigtsen og Petter Myhr, vil vera heilt der oppe. Thomas kan vera medaljeutfordrar. 9 utøvarar er påmeldt.

Så til 2000 meter, denne spesielle 15 års-øvinga i norsk samanheng. Sjølv om kvalifiseringskravet blei littegrann strama inn for eit par sesongar sidan, så er det rimeleg liberalt framleis. Heile 28 utøvarar er påmeldt. Rangeringa her minnar ein del om 800 meter, med Jakob Ingebrigtsen, Petter Myhr og Martin Berntzen Engevik som dei på papiret sterkaste. Thomas er 11. rangert på førehand.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar