tirsdag 15. september 2015

Sjokkovergang

Hausten er tida for så mykje - epleslang, til dømes, eller nye politiske parti som syslar med sitt. Det er også tida for overgangar. I fotballen har dei hatt eit eige vindauge tidlegare i haust, der dei kan gjera som han svenske 100-åringen, dei kan krypa ut av det. Og inn i eit anna, ein annan stad. No har ikkje fotballen noko nytt slikt vindauge før på nyåret.

Men friidretten... I friidretten startar ståheien på overgangsmarknaden i alle fall når me skriv oktober - og den er ikkje over før nyttårsfyrverkeriet er skikkeleg avslutta.


Men alt no kan me melda om at sjølvaste Bloggaren alt frå komande søndags Fanamilen kjem til å representera det segnomsuste Idrettslaget Trio.

I form av eit aldri så lite skup så har me fått Bloggaren nett så vidt i tale. 48-åringen, som nyleg debuterte på halvmaraton, seier dette berre var ein sjanse han måtte gripa.

"Det er aldri lett å seia når ein tar til å gå i barndommen, men for meg så skjedde det visst no. Og då får ein la vera å kjempa imot." Bloggaren viser her truleg til ein nærare ti år gammal karriere i ulike forsvarsposisjonar i fotballen i Trio, i denne omtalte barndommen. Her var styrkane taklingane, plasseringsevna - og farten. Ja, det er løye å tenka på no at dersom friidretten hadde vore prioritert, så ville sprint og høgde (!) vore øvingane. Truleg. I staden blei det midstoppar og venstreback. Og så halvmaraton og slikt tre tiår seinare.

"Er dette så dramatisk som det kan verka som, Bloggar?"

"Nei, slett ikkje. Eg kjem til å halda hus i den fornemme Søviken og kjem til å følgja med ungdommar som held seg til miljøet rundt Fana Stadion. Men erfaringa tilseier at det kan vera lurt å skilja eigne gampe-ambisjonar frå den skikkelege idretten til dei under 35."

Elles er Gneist og Trio beslekta sjeler. Begge klubbane kom til i den norske idrettens etterkrigs-klondyke: Gneist er 70 i år, Trio er det til neste år.

Så: Heia Trio, heila tio - vel, utanom når eg held med Gneist (og av og til andre).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar