Kretsleikane skiftar oftare og oftare sponsornamn, så her er det berre å følgja med. For oss som hadde undgommar i denne alderen for 5-7 år sidan, så vil dei heita "NCC-leikane" på ubestemt tid...
No ja.
Hordaland sin tropp fortel oss at Fana gjer veldig mykje rett i yngre klassar og i sin rekrutteringspolitikk. I 2014 var Fana klart største klubb i Hordaland sin tropp, med 12 utøvarar. I år er Fana sin gjeng auka til 13. Det er imponerande. Sjølv i Gneist sine topp-år sleit ein med å nå slike mengder.
Bergens Turnforening har nest flest med, med 7, medan Gneist først følgjer deretter med 6 utøvarar. Så mange som 4 av dei 6 Gneist-utøvarane er i G14-klassen.
Oversikten nedanfor viser utviklinga i Gneist-deltaking i kretsleikane sidan 2011. Dei tre første åra viser stor stabilitet og ei jamn fordeling i årsklassasne. Dei to siste åra er nedgangen klar, samtidig som dei også fortel om at heile årsklassar heilt manglar Gneist-deltaking.
|
2011
|
2012
|
2013
|
2014
|
2015
|
J13
|
3
|
2
|
3
|
0
|
1
|
J14
|
3
|
3
|
2
|
2
|
0
|
G13
|
3
|
3
|
3
|
5
|
1
|
G14
|
2
|
3
|
2
|
1
|
4
|
Totalt
|
11
|
11
|
10
|
8
|
6
|
Dei som faktisk deltar i helga, skal me naturlegvis følgja med på!
Det er:
J13
- Nora Helene Kjerland Kristensen (60m, 200m, 600m)
J14
- ingen
G13
- Herman Ellingsen (60m, 200m, 60m hekk, 200m hekk)
G14
- Andreas Haara Bakketun (60m, 200m, 200m hekk, lengde)
- Pål Haugen Lillefosse (60m, 80m hekk, høgde, stav)
- Hans-Magnus Haukøy (600m, 1500m)
- André Seliussen (600m, 1500m)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar