mandag 14. september 2015

UM - oppsummert

Det nærmar seg slutten på mitt forsøksvis systematiske forhold til Gneist-statistikken på denne bloggen.

Før den tid er det enno litt igjen av denne sesongen. Og aller først må eit sterkt UM oppsummerast.

På førehand sa eg det ville vera optimalt med 18 medaljar, det blei 15, men noko meir enn 5 gull tvilte eg på. Det blei 7. Dei profilane me håpa på skulle bidra til medaljefangsten slo til. I tillegg fekk me hyggelege overraskande bidrag.

På den nasjonale medaljestatistikken fall Gneist ned på 4. plass - etter 1. i 2013 og 2. i 2014, men er framleis beste klubb frå Hordaland - nett så vidt føre Norna-Salhus - og med Fana ikkje langt bak der igjen.



Først medaljane:

GULL
- Kristoffer Blücher, 300 meter hekk (41,31)
- Kristoffer Blücher, 800 meter (1:57,29)
- Henrik Irgens Gravdal, 3000 meter (8:40,12)
- Henrik Irgens Gravdal, 800 meter (1:56,96)
- Gjert Høie Sjursen, 100 meter hekk (13,66)
- Gjert Høie Sjursen, lengde (6,26)
- Jens Larsen Åstveit, 2000 meter hinder (6:09,92)

SØLV
- Sanne Myrmel, stav (2,71
- Kristoffer Blücher, 100 meter (11,28)
- Sondre Rinde, 110 meter hekk (15,24)
- Sondre Rinde, 300 meter hekk (41,90)
- Jens Larsen Åstveit, 3000 meter (8:43,62)
- Anna Evensen, 80 meter hekk (12,30)

BRONSE
- Gjert Høie Sjursen, diskos (39,94)
- Gjert Høie Sjursen, kule (13,18)

*

Så litt meir om nokre av prestasjonane:

- Både Henrik Irgens Gravdal og Kristoffer Blücher tok trippel - tredje siger på rad på distansen - då dei vann kvar sine 800 meterar.

- I tillegg til gull blei det ein strålande debut på 2000 meter hinder for Jens Larsen Åstveit. Med 6:09,92 sneik han seg sju hundredelar under kravet til hovud-NM! Også på 3000 meter blei det ein flott prestasjon, med ny pers med 5 (vel, 5,01) sekund - til 8:43,62.

- Kristoffer Blücher tok nesten sitt tredje gull, på 100 meter, men var der eitt hundredel bak vinnaren. Men det blei pers, 11,28, betring med ni hundredelar frå Tyrvinglekene - og betring av eigen klubbrekord i G16.

- Sondre Rinde tok eit fint sølv på 110 meter hekk (91,4) men med 15,24 slo han også Marius Benserud sin ni år gamle klubbrekord på distansen i G17 - med tre hundredelar.

- Thomas Blücher persa solid på 800 meter - frå 2:06,56 (Göteborg i år) til 2:03,73.

- Gjert Høie Sjursen betra lengdepersen - då han vann gull - med to centimeter, til 6,26. I den andre gull-øvinga, 100 meter hekk, blei det betring frå 13,77 til 13,66. Begge deler er elles klubbrekord i G15.

- Malin Marie Rosvoll Olsen sette to nye fine persar. I lengde er det no blitt svært brukbare 5,01 (hadde 4,65) og på 100 meter blei det 13,14 - og dermed under kravet til junior-NM på distansen.

- Stian Øvergaard Aarvik blei endå ein i rekkja som kom seg under 2 minutt på 800 meter, då han søndag sprang på 1:59,58. Det er 3,7 sekund betre enn den gamle utepersen - han har 2:01 innomhus. Stian sette også solid ny utepers på 3000 meter - til 8:47,99 (her hadde han 8:55 frå før, men han har 8:42 inne).

- Vegard Albrigtsen kom seg også under 2 blank på 800 meter! Der blei det 1:59,73. I tillegg betra han 400-persen med sju hundredelar - til 53,88.

- Og Ingrid Næss Johansen sprang sin beste 3000 meter på nesten to og eit halvt år, då ho kom i mål på 10:49,93 fredagskvelden. Det er under sekundet bak persen frå Framolekene våren 2013.

- Laget i G15/17 på 1000 meter stafett var tett bak U20-rekorden i Gneist, med sitt løp på 2:02,87. Det blir notert som aldersbestemt rekord under G17, sidan eldstemann var i denne klassen: Sondre Rinde, Gjert Høie Sjursen, Kristoffer Blücher og Henrik Irgens Gravdal.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar