søndag 6. september 2015

Fem om dagen - kretsleikane dag 2

Jada, det var færre Gneist-deltakarar under kretsleikane for 13- og 14- åringar i år enn det me har vore vane med. Og ja, det er absolutt ei utfordring å halda trøkket oppe i dei yngre årsklassane. Men la oss heidra dei som var med og prega øvingane og med på å sikra Hordaland ein ny siger - i kampen mot Rogaland, Sogn og Fjordane og Agder-fylka.

Det blei fem sigrar søndagen:


Herman Ellingsen var einaste Gneist-ar i G13, men han leverte sterke saker. På 60 meter vann han med 7,96 og på 200 meter hekk kom han heilt ned på 29,93!

To sigrar blei det også på Pål Haugen Lillefosse i G14. I høgde blei det ny pers på 1,70, og dermed sletta han Torstein Onarheim sin klubbrekord i G14, sett tilbake i 1998. Pål sprang på svært sterke 7,35 i finalen på 60 meter, berre fire hundredelar bak klubb-kompis Andreas Haara Bakketun sin norske aldersrekord (elektronisk). Andreas sjølv vann suverent 200 meter hekk, med 27,42 - to sekund framfor nr. 2.

**

Så er det viktig å notera fin innsats frå Nora Helene Kjerland Kristensen, som har hatt sitt gjennombrot i år, på favorittøvinga 600 meter. Søndag blei det 14. plass på 60 meter. Nora var altså einaste jenta frå Gneist i årets kretsleikar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar