torsdag 10. september 2015

Før UM - IV

Det er tre utøvarar og tre øvingar - individuelt - igjen på mi liste, i førehandsgjennomgangen til helgas UM. Det er tre gutar i klasse 18/19.


Først til 800 meter, der alle tre er med: Jens Larsen Åstveit er rangert heilt oppe på 7. plass mellom så mange som 37 påmelde totalt. Dei to andre, Stian Øvergaard Aarvik og Stian Norheim får ta 800-meteren som dessert søndag. Førehandstipset tyder på tredobbelt til Ullensaker/Kisa: Markus Einan og tvillingane Sigurd og Sverre Blom Breivik har sprunge fort i år.

Lørdag er det 2000 meter hinder, der Gneist har to av dei sju påmelde. Her er det alltid litt spennande kven som faktisk stiller. Både Jens og Stian N. er i utfordrarposisjon til medalje, avhengig av dette. I utgangspunktet er det Vicent Sondre Førde (Gloppen), Lars Lunde (Stord) og Joakim Sødal (Kyrksæterøra) som verkar sterkast - om ikkje nødvendigvis i den rekkefølgja.

Alt i morgon, fredag, er det 3000 meter, der også alle våre tre i eldste klasse er påmeldt. Både Stian Ø. Aa. og Jens er så sterke løparar at dei kan vera mellom dei beste her, litt avhengig av korleis løpet går. Etter tider på førehand blir Stian Ø. Aa. rangert som nr. 6, Jens som nr. 9 og Stian N. som nr. 14. Joakim Sødal og Lars Lunde må her bryna seg på Sigurd Ruud Skjeseth (Orion), i tillegg til fleire andre sterke namn.

**

Også på stafettsida er det gutane som representerer først og fremst dette året. To lag har vore påmeldt. Det er vanskeleg å sjå at det er grunnlag for lag i yngste klasse (15/16), medan det er muleg å stilla mellom dei heile 18 laga som er påmeldt i eldste klasse (17-19). Her er det heilt uråd å seia noko fornuftig på førehand; kva for lag stiller til slutt, og kven orkar å springa søndag ettermiddag, etter harde individuelle løp, osb.

**

Heilt til slutt: Gneist vann medlajestatistikken på Lillehammer i 2013 og blei nr. 2 i Haugesund i fjor. Då blei de 18 medaljar, 8 i gull og 5 i kvar av dei to andre valørane. Det blir ikkje same fangsten i år. Til det er troppen for smålåten i storleik. Det ligg stor bør på nokre enkeltutøvarar. Er desse i form, friske og skadefri, så kan det bli tosifra tal på medaljar i år også. Førehandsrangeringa tilseier 5 gull, 5 sølv og 3 bronse. I så fall vil utteljinga vera tett opp mot det optimale.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar