lørdag 19. september 2015

Føremiddags-prestasjonar

Jo da, eg hadde høyrt ryktene, men eg kvapp litt då eg såg ungdommar i ulike aldrar som sprang seriøse løp på Fana Stadion lørdag føremiddag, då me var på veg til Friske viljer-økt.

Kjekt det. No har eg studert resultatlistene frå dagens overraskingsstemne også. Men før det: Ny svær prestasjon i dette svære året for Andreas Iden. Han persa med godt og vel 4 minutt på halvmaraton og sprang inn på sterke 1.11,01 i Oslos gater. Det inneber at Andreas har krona ein strålande sesong med NM-GULL i halvmaraton for U23!



Så, over til Fana Stadion, der eg startar med André Seliussen. André likar å springa langt. I april sprang han 10 000 meter på Fana Stadion, med innlagt 3000 og 5000 meter. Lørdag knuste han 5000-tida si frå den innlagde bane-mila, og kom i mål på 16:31,14, svært kort bak kravet til neste års junior-NM for André, som enno ikkje har bikka 14 1/2!

5000 meter sprang også Jens Larsen Åstveit. Jens er ein annan som har hatt ein fantastisk 2015-sesong. Dette var likevel første (og siste?) gongen han sprang 5000 denne sesongen og berre andre gongen i banekarrieren. Persen blei på småfine 44 sekunds betring - til 15:19,89.

På 400 meter noterer me tre andre fine persar:

* Henrik Irgens Gravdal med 52,83 (hadde 53,59 frå i fjor)

* Vegard Albrigtsen med 53,55 (33/100 ned frå UM sist helg)

* Thomas Blücher med 57,65 (fin debut)


På 600 meter blei det ny fin pers - og grense-underskriding - frå Hans-Magnus Haukøy. Hans nye bestetid er på 1:29,76.

Til sist to 200 meter hekk-løp, det også kan skrivast heim om:

* Gjert Høie Sjursen kom i sin debut på distansen seg heilt ned på 27,87. Det var like så godt Gjert sin sjuande klubbrekord i G15 denne sesongen. Sondre Rinde hadde den gamle, på 28,08.

* Anna Evensen betra sin pers på distansen frå 31,17 til 30,80.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar