tirsdag 22. september 2015

Lite proft

Idrettslaget Gneist fekk seg altså ein vaskekte junior-norgesmeister i halvmaraton (U23) lørdag. Det var Andreas Iden som klarte den bragden - på strålande 1.11,01 i den indianske sommaren i september-Oslo.


Prestasjonen var svært proff!

Men omtalen av det innlagde norgesmeisterskapet i halvmaraton i årets Oslo maraton har ikkje vore proff eller skikkeleg.

Gneist har ikkje klart det, Kondis har ikkje klart det, Sportsmanden har enno ikkje klart det, Oslo Maraton har ikkje klart det, arrangøren Norges Friidrettsforbund har ikkje klart det. Ingen har så langt klart å gje oss skikkelege lister i dei ulike klassane i NM i halvmaraton!

Sportsmanden.no - som elles har greie reportasjar - er den einaste staden der eg har funne eit bilete av junior-norgesmeister Andreas (over).

Men her er biletteksten:

Harald Solhaug Næss i rød Vidardrakt ble nummer 9 i NM på 1.09.15, mens Kristian Tjørnhom fra Kristiansand Løpeklubb til høyre var en av flere gode løpere som stod av etter passering 10 km. I tillegg til Tjørnhom og Burass, gjaldt dette også Gishe Abdi Wako.

Andreas Iden - norsk meister i U23 - er ikkje nemnt med eit ord, anna enn at han finst i resultatlista, men den er altså ikkje ordna etter klasse, berre etter offisielle tider uansett alder på utøvarane.

Så: Sterk prestasjon av Andreas, uproft av opptil fleire andre.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar