mandag 7. september 2015

Før UM - I

Til helga er det aldersbestemt nasjonalt meisterskap - eller "ungdomsmeisterskap", UM - på Lillestrøm. Gneist sin tropp er på smålåtne 13 utøvarar. Me har vore bortskjemde med det doble og vel så det dei siste par åra. Me får håpa på at 2015 er det store unntaksåret. Eg veit i alle fall at det står ein bøling og ventar på at 2016 skal bli betre, både av slike som av ymse grunnar er ute av spel denne gongen, sjølv om dei har UM-alderen, og dei som står og trippar og ventar på å bli gamle nok.




Og det er hos jentene, som nemnt tidlegare, det er tynnast. Dagens førehands-innlegg før UM handlar då om alle startane frå Gneist-jenter i årets UM.

J15
Her heiter Gneist-representanten Anna Evensen. Anna meisterskapsdebuterte med bronse på 60 meter hekk på Ulsteinvik i mars. Det skal godt gjerast om ho klarer å følgja opp dette i UM, på 80 meter hekk, men ho er trass alt 4. rangert, sjølv om dei tre øvst rangerte er etter måten klare medaljekandidatar: Emma de Haas (Sturla), Emilie Sandberg (Sandnes) og Sigrid Kleive (Ålesund). Det er 12 utøvarar påmeldt øvinga. Heller ikkje i lengde er Anna så langt unna medalje i førehandsrangeringa, med sin årsbeste på 5 meter. Ho er 5. rangert mellom dei 16 på startlista. Sigrid Kleive, Emilie Sandberg og Elin Serine Vik Johannessen (Lyngdal) er dei tre på startlista med lengst lengder i år.

J16
I klassen over, J16, doblar Gneist til 2 utøvarar: Malin Marie Rosvoll Olsen er påmeldt i tre øvingar: 100 meter, 200 meter og i lengde. Det er høvesvis 36, 35 og 26 påmelde i dei tre øvingane og Malin er rangert noko bak midten i dei. På 100 meter heiter favorittane Ingvild Meinseth (Sørild), Live Haugstad Hilton (Bergens TF) og Tonje Fjellet Kristiansen (Orion). Malin har 13,25 frå tidlegare. På 200 meter er det Tonje Fjellet Kristiansen, Live Haugstad Hilton og Karoline Daland (Sørild) som har best tider på førehand, Malin har 27,45. I lengde har Malin hoppa 4,65 i år, medan Thale Leirfall Bremset (Stjørdal), Live Haugstad Hilton og Ingvild Meinseth er dei som har best lengder.

I stavsprang i denne klassen er det duka for første medalje. Her har nemleg Sanne Myrmel nest-beste utgangspunkt av dei tre påmelde, nokså klart bak favoritten Birgitte Kjuus (Raumnes & Årnes) og nokså greitt framfor den tredje, Tina Tunes (Fri), også ho i Team Paavo.

J18/19
Det er altså ingen deltakarar i J17 - og det er berre éi i eldste klasse, J18/19 - Ingrid Næss Johansen. Ingrid har slite lenge i motgang, men i år har ho levert fleire gode motbakkeløp og under Bergenslekene nyleg fekk ho to habile tider, på høvesvis 800 meter og 2000 meter. På 800 meter er det 19 påmeldt. Med fleire openbare topp-kandidatar borte frå listene, så er det ganske ope: Emily Rose Norum (Steinkjer), Amalie Sæten (Kristiansand) og Caroline Fleischer (Ski) peikar seg ut. På 3000 meter er det 16 påmelde. Her er Ingrid 12. rangert på førehand. Ei anna Ingrid, Ingrid Halvorsen Folvik (Bergens TF), er klar favoritt, medan Emilie Fossumstuen Grøterud (Moelven) og Mariann Roe (Skarphedin) er mellom fleire medaljekandidatar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar